Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

alt leid. Men no kjenner eg deg. Eg lèt meg ikkje narra lenger.

Eg fær aldri Fred. Eg er sjølv denne Uro som aldri stillnar. Lat meg daa lida mi Uro her so godt som der. So sparar eg Flytjingi.

Eg var ein Framand og ein Pilegrim og hadde ingen verande Stad. Aldri sette eg meg og sagde: her vil eg sitja; aldri bygde eg og tenkte: her vil eg bu. Eg var Son av ei Tid som hev gløymt, kva Heim og Ro er. Men er eg framand, so lat meg likso godt vera framand heime.


XIII.


Men Dagarne er lange.

Ufør sit eg her og høyrer og ser, at dei andre arbeider. Daa verkjer Samvite og hev vondt. Eg er klar men ikkje utlevd. Livskravi hev Tak i meg enno. Eg kjenner dei som