Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

dagleg reint la vinn på å segle seg rundt, måtte eingong ulykka hende.

Det var nok bra å ha stort fisketal. Og dei kunde vel rose seg av å vere beste åttringsbåten i været. Slik pris det var på fisken i vinter, vart det rett pengar.

Men liv og helse var no betre enn pengane. Og ein kunde ikkje vente at det sku’ gå godt på denne måten.

Det var ikkje nok dei skulde ligge her og hauke og krysse i sjø og ver som ingen annan åttringsbåt herdest med. Men det skulde vere slik ovsegling. Alltid seglet så høgt det berre gjekk an; alltid slik at livet hang i ein tråd. Det var tider då du ikkje rett visste anten du låg i lause sjøen eller sat i båten. —

Men snakke med høvesen om det vanvittige og farlege i dette, nei, det nytta aldri. Han berre flirte vinterkaldt og hardt, og la så endå verre i veg. Det var nett som han var forherda i vinter. Han var ikkje attkjennande frå vintrane før. Han var reint besett. — — —

Båten reid atter over ein stor søraustsjø, la heile sida nedåt og reiv inn så det fossa over ripa. Han var visst i ulag idag, åttringen. Han reid og reiv så besett.

— Segltøngda e vesst før stor, våga han Edvart Larsa seg til å seie. Å gå med toppa segl i dag, det var altfor mykje. Men høvesen lest ikkje høyre noko. Han var dauv for alle ord.