Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

dersom det ikkje vart anna mannskap å få. —

Sneseglåttringen la seg straks til å mastre. Og straks etter fór han harvande austetter. Han var så snar og lett til å vende, at dei trong ikkje såleis ligge å slite seg landfri som råseglkarane. Han Iver såg misunneleg etter åttringen. Det var mest pokker’n til seglar. Og snesegl så hadde han no ein ved roret som kunde perse han. — — — —

Og, det var sant — sneseglåttringen vart pint og persa. Han låg stundom mest skinnflat. Men han reiste seg alltid. Og så bar det til att med ausekaret. Han Edvart Larsa stod krøkt alt i eitt over det i bakromet. Det var berre så vidt han vann halde båten lens.

Det begynnte godt i dag og. Nett same ville leiken som elles. Det var så frøset og drevset stod over båten. Dei snakka om auvatn; det var så det forslog, dette.

Men ein kunde bli lei det, når det vart så jamt, mest dagleg.

Det gjekk på livet laust. Visst var båten både stor og god og bergeleg. Det var eit under kva han greidde.

Men det var galmannsverk å kappast med skøytene inni havet kvar einaste dag, slik som dei no hadde gjort i lenger tid.

Det gjekk godt ei tid. Men når dei såleis