Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

å bli sett i ei slik knipe; å stelle seg slik at han skulde bli nøydd til å måtte høyre slike ord av ei kvinne. Men det var då jammen bra at ho tok det på den måten,— at ho berga han frå å renne seg reint i uføre. Han skulde vel helst takke henne, fordi ho var så mykje betre enn han. Men det fekk han ikkje til. Han vart sittande med samanknepne lepper og frostblik stire ut i haustnatta. Ho syntest andletet hans vreid seg i eit drag av vanmakt og hjelpeløyse.

Ho tykte synd i han. — Kann vi ikkj ver lik go venna så før?

Han måtte sjå på henne. Kva meinte ho? Vilde ho håne han? Men nei. Hennar auga var så alvorsame og milde. Dei skein visst i tårer. Det gjorde han vondt. — Du veit e e berre ein Moglunt, sa han og freista flire. — Du e beir enn mang å oss anner. Men ver da allti, sa ho, mest bønleg.

Han såg på henne. Vilde ho til å missionere? Men ho såg ikkje slik ut. Då trødde han attover og sette seg til å sprengro mot land. Det var som han måtte ro ei vond mare av seg.

– – – – –

Det var storfjære då dei lende; båten vart ståande langt nedpå sandmelen. Det var just så støvlane hans vakte. — Du får heng de på, om du tør. Han stod attmed framskotten og såg oppå henne.

Ho smilte mot han, og hengde seg på ryggen med armane om halsen, liksom så trygg og