Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


– – – – – – – – –

Han hadde lagt handa kringom henne og drege henne inntil seg. Han kjende kor hennar kinn var mjuke og fine. Og full av bråhug og heitt blod vilde han ta den første kyssen. — —

Då såg ho han inni auga. Stort og alvorsamt, lenge og leitande. Ho vilde vite om han åtte det som gir kyssen sæle og varme. Men ho munde ikkje finne det ho leita etter. For ho vreid seg unna og sa, mest bedande, medan angsten steig henne synleg fram-i auga: Gjer da ikkj Krestian, gjerda ikkj. Da e ho Magnhild du skal gå tel. Da e ho du e gla i, å ho e gla i de. — — Da e synn, detta. — — —

Hennar ord kom som ei kald vassbytte over han. Taka slakna med ein gong og bråhugen dovna. Han vart sittande der ved sida hennar så inderleg skamfull og fekk ikkje ord fram. Han kjende seg i denne stund så elendig låk og liten, at han hadde hug til å spytte seg sjølv i andletet. Han åtte liksom ikkje sjølvvyrdnad lenger. Han hadde meint seg å vere glad i ei gjente som han slett ikkje var glad i. Det var så sant ho hadde sagt; det var ikkje henne han var glad i; det var ei anna. Han likte ho Maria. Men han burde då vite at det er noko anna — og langt større — å elske ei kvinne enn å like henne. Det synte seg at ho Maria stod så mykje høgre enn han hadde tenkt. Han visste ikkje rett anten han skulde takke henne eller laste henne for det. Det var fortærande