Prøver af Landsmaalet i Norge/34. Hermingar

Fra Wikikilden
33. Myntmeisteren Prøver af Landsmaalet i Norge
34. Hermingar
av Ivar Aasen
35. Stev


EIN STOR-LETING.

Da var ein Herremann, som hadde leigt seg tie Arbeidsmenner, og dei var so late, at dei gjorde inkje til Gagns. So var da eingong han kom yver dei, daa dei hadde lagt seg til aa sova alle ihop; daa vakte han dei upp og sagde til dei: «Da skulde vera Moro aa vita, kven som er største Letingen av dikkor; dan som no kann visa, at han er dan lataste, han skal faa ein Dalar.» Daa var dei nie, som rette upp Handi og vilde taka imot Dalaren; men dan tiande sagde berre: «Stikk han i Vestefikka mi.» «Da var rett,» sagde Herremannen, «du maa væl vera dan beste, som inkje eingong idest bera upp Handi.»


EIN KNIPAR.

Da var ein Mann, som skulde gera Dugnad, og han hadde ei stor Sut fyre all dan Maten, som skulde ganga til; fyre han var so nauv og smaahjartug av seg. Daa Gesterne var komne til Bords, so aat han sjølv berre ein liten Grand, og so heldt han upp og tenkte, at hine skulde gera da same; men dei gav seg goda Tider og heldt paa eta rett munarlege. Daa vart Mannen reint forskræmd, og so ropade han til Keringi: «Kom hit og et, du ogso; du ser no, at da geng til likevæl.»


EIN FYNDARLEG SØKNAD.

Einstad var da ein Mann, som skulde skriva eit Bønarbrev til Fatig-Kommissionen fyre ein Husmann, som da stod ille til med paa mange Maatar. Han sat lengje og grundade paa, kor han skulde stila Brevet, men han visste inkje aa faa da til, so da kunde høva. Daa var dar ein Dreng inne, og han baud seg til aa stila Søknaden; han meinte, da var eit vandelaust Verk og slett inkje verdt aa gera seg nokot Hovdebrot fyre. So bad han Husbonden skriva: Her bur ein Mann uppi Aasen: Han eig inkje Ku paa Baasen, alle Ungarne liggja i Krilla, og han hev’ ikje Sengklæde-Filla; inkje hev’ han Gryta, inkje hev’ han Fat, inkje hev’ han Skeid og inkje hev’ han Mat; og fær han inkje nokot av Kassa, so døyr baade han og Tassa.


Anm. Hermingar: Anekdoter. Leting (aab. e), lad Person. Ordet “Arbeid” er rigtignok uægte, men bruges overalt og er vanskeligt at undgaae. — Dugnad er en Sammenkaldelse af mange Folk til et Arbeide, og tillige et Gjæstebud i Anledning deraf. — Krilla er det søndenfjeldske Navn paa Meslinger; paa andre Steder hedder det: Krægda. — Tassa, et Øgenavn for Konen.