Prøver af Landsmaalet i Norge/33. Myntmeisteren

Fra Wikikilden
32. Ulvedansen Prøver af Landsmaalet i Norge
33. Myntmeisteren
av Ivar Aasen
34. Hermingar


Da var ein Sjømann, som hadde voret ute paa Sigling ei Tid og havt so god Lukka, at han aatte baade Farm og Farty og var ein rik Mann. So var da ein Gong han kom siglande langvegjes ifraa med ein stor Ladning; daa kom da paa han eit overhendigt Uvedr, og han vart so ille ute, at han saag inkje Syn til aa berga seg. Daa gjorde han dan Lovnaden, at han skulde gera ein fatig rik, ifall han kom væl til Hamnar. Og sidan gekk da so lukkelege og, at han fekk bergat baade Folk og Føring og kom seg væl fram. Da var ein Kaupstad, som han skulde til, og dar hadde han so manga Ærender og Greidor te gera, at han kom til aa vera dar eit langt Bil. Daa tenkte han paa Lovnaden sin og gav til dei fatige, so mange som han kunde raaka; og daa detta spurdest, so var da mange, som kom til honom, og han tok væl imot dei og gav dei goda Gaavor allesaman. Daa var dar ei ung Genta ibland dei andre, som kom til honom og bad um ei Gaava, og dan Gento lagde han Merke til framfyre hine; fyre han tykte, ho saag so snild og vitug ut, at han var forviten te høyra, kva Folk ho var komi av; og daa fekk han spurt, at ho var Dotter til ei Enkja, som hadde lidet myken Motegang og hadde inkje til aa hjelpa seg med. Daa sende han stora Gaavor til Enkjo og bad Dotteri koma atter ein annan Dag, og naar ho daa kom, so spurde han væl etter alle Ting um Moderi hennar og um all deira Varnad. Og alt som Gento sagde og fortalde, tykte han var so vitugt og væl tenkt, at han hadde aldri ventat slikt av ein Ungdom, som var alen i slik ei Armod. Daa sende han ogso ei Gaava med henne og bad henne koma atter ein annan Gong; fyre han tykte, at dessmeir han talade med henne, dessbetre likade han henne. Sidan spurde han andre kende Folk i Staden, og dei svarade alle da same, at da var ein snild Ungdom, og dei visste inkje vondt aa segja korkje um Moderi elder Dotteri. Og naar daa Gento kom atter til honom, so talade han lengje med henne, og sist paa spurde han, um ho vilde hava han. Daa var da liksom ho vart nokot faamælt og bad han inkje tala um slike Ting; da kunde inkje vera Aalvoret hans; da var for myken Skilnad paa hans Stand og hennar, og dartil so var dei for litet kende med kvartannat til aa tenkja paa nokot slikt. Sidan gekk han til Moder hennar og bar upp Maalet fyre henne og fortalde um dan Lovnaden, som han hadde gjort i Naudi, og sagde, at no var dar so god Raad til aa fylla ein slik Lovnad, at da kunde aldri betre vera. No vart dar mange Umtalar og Raadarlag um detta Tilbodet; sume talde til og sume talde fraa; men Enden vart no dan likevæl, at Skiperen fekk Gento, og naar dei daa var gifte, so flutte ho med honom til ein stor og ven Gard, som han hadde kaupt seg, og dar busette dei seg og livde (som dei segja) baade godt og væl. No var dar ein Kaupmann, som budde dar i Grendi; honom vart no Skiperen snart kend med, og dei gekk ofto til kvarannan og heldt Lag som andre Kenningar. Men da vart ein uheppen Kendskap fyre dei baade tvo, som de skal høyra; fyre dan Kaupmannen var ein faarleg Mann til aa hava nokot Hopehavande med. Da var ein Gong at Skiperen var buen til aa fara ut paa ei lang Reis; daa var Kaupmannen hjaa honom og sat og snakkade baade um likt og ulikt; daa sagde han da ibland annat, at da var vaagsamt fyre Skiperen aa vera so lengje burte og lata Kono vera heime; han kunde ikje vita, kor tru ho kunde vera, og da skulde voret Moro, um nokon kunde lokka henne ifraa honom og hava eitkvart Merke paa Vinskapen hennar til aa syna honom, naar han kom heimatter, og allersløgaste skulde da vera, um ein fekk henne til aa giva fraa seg dan Gullkedjo, som Skiperen hadde givet henne, daa dei var feste. Men Skiperen meinte so, at han var urædd fyre da, og da turvte vist ingen bry seg med aa prøva paa nokot slikt. «Skal me gera Veddemaal um da?» sagde Kaupmannen. «Da kann me gerne,» sagde Skiperen. Kaupmannen sagdest vilja vedda um Garden sin, og Skiperen sette sin Gard imot, og soleid var Veddemaalet gjort; men Kono til Skiperen visste inkje nokot um, kva dei hadde havt fyre seg. Naar daa Skiperen var faren, so gekk Kaupmannen og lyddest inn til Kono hans baade tidt og jamt, og sidan tok han til aa masa um ei Gullkedja, som han visste, ho skulde hava; han vilde kaupa da Halsgullet, um da var aldri so dyrt, og naar han inkje fekk kaupt da, so vilde han berre laana da, so Smiden kunde faa Maal av da te gera eit annat etter. Men da nyttade inkje; fyre Kono var so rædd um Halsgullet sitt, at ho hadde da paa seg baade Dag og Natt og vilde aldri sleppa da av Halsen. Daa han no tyktest hava freistat nog med godo, so tok han til aa freista med vondo og skulde skræma henne og truga Kedjo ifraa henne; men da var ogso faafengt, fyre ho var ikje dan, som let seg skræma helder; og so laut han finna paa ei onnor Raad. Da var ei Kering, som var Reiddeia hjaa Skiperkono; henne talade han væl med og baud henne store Pengar, um ho vilde taka Kedjo av Kono, medan ho sov, og lata honom faa henne. No var da lengje, ho stod imot og vilde inkje gera da; men sist paa gjorde daa Mutegaavorna hans so myket, at han fekk Halsgullet likevæl, og daa kann de tru, han tyktest hava gjort eit godt Kast. Naar daa Skiperen kom heimatter, so rodde Kaupmannen ut og tok imot han, og daa Skiperen spurde etter Kono si, so tok han berre upp Gullkedjo og synte honom. Daa vart Skiperen so fælelege sint og uppøst, at han var reint fraa seg og visste ikje sjølv, kva han gjorde; han ropade til seg tvo Mann og bad dei fara i Land og drepa Kono og koma atter med ei Flaska med varmt Blod til Prov paa, at dei hadde gjort da, som dei var bedne. Mennerne torde ikje annat en fara i Land; men dei hadde ikje Hjarta te gera da, som dei var tilsette, og so fann dei paa aa ganga upp i Fjoset og taka eit Lamb og drepa, og so toko dei Blodet paa ei Flaska og foro tilbaka med di til Skiperen. Daa let han leggja Fartyet ut or Hamni og sette til Havs og siglde sin Veg. Men da gekk ikje meir so lukkelege med Siglingi hans, som da hadde genget fyrr. Da var eit lite Bil daretter, at han hadde lagt ut paa ei lang Reis og var komen inn i Midelhavet, daa kom da paa han ein ubergeleg Storm, so han miste baade Folk og Føring og kom paa Land som ein naken Mann, og sidan laut han tigga seg fram, alt til han kom til ein Herremann, som vilde hava seg ein Hønsegætar, og dar tok han seg Tenesta. – No er da te fortelja um Kono hans, at ho sat heime og ventade paa honom og var reint uvitande um kor da var tilgenget, alt til da at Kaupmannen kom og fortalde, at han skulde hava Garden hennar baade med Lut og Lunnende, og ho hadde dar inkje meir te gera annat en aa forda seg darifraa, da snøggaste ho kunde. So torde ho inkje annat en gera seg ferdig og fara ut or Garden; og so tok ho Vegen sud igjenom Landet, og dar klædde ho seg um og tok Karmannsklæde paa seg og sagdest vera ein Ungkar, som reiste i Kring og søkte Tenesta. Daa høvde da til, at ho kom til ein Myntmeister langt sud i Landi, og dar fekk ho Sveine-Tenesta og var dar eit Bil. Men ho hadde Hug til aa fara lenger og freista Lukko paa andre Stader, og sidan reiste ho so langt, at ho kom til ein Stad sud med Midelhavet; dar kom ho til ein Greive, som stod fyre Mynti aat Kungen dar i Landet, og dar fekk ho Embætte hjaa honom og vart Myntmeister; fyre daa hadde ho lært da Handverket, som dartil høyrer. No ljota me kalla henne Meisteren; fyre da var alle, som toko henne fyre ein Mann, og ingen som visste, at da var Kvende. Naar so denne Myntmeisteren vart kend med Folket dar i Landet, so fekk han høyra, at dar var ein Hønsegætar, som var komen langt nordantil og hadde voret Sjømann og lidet Skipbrot i Havet. Denne Gætaren vilde han endelege tala med og fekk honom til seg og spurde væl etter alt hans Tilstand; men Gætaren var so undarleg og so faatalande, at Meisteren fekk inkje vita nokot, som var til aa retta seg etter. Men likevæl so vilde ikje Meisteren sleppa han fraa seg, og sist paa fekk han da so lagat, at han fekk honom til Tenar elder Dreng; og Tenaren var hjaa honom baade heime og burte, og var so snild og viljug og vyrk fyre Meisteren, at da var ein Hugnad te sjaa; men so snart som Meisteren spurde etter, kva Stand han hadde voret i, fyrr han kom dartil, so vart han tagall og bad seg undan og var, som han skulde voret baade rædd og skemd. No vart Meisteren dar verande nokre Aar og stod seg godt og fekk stora Løner; men sidan tok han til aa lengta til Heimbygdi, og so sagde han fraa seg Embættet sitt og reiste og tok Tenaren med seg. Daa reiste han som ein Herremann og var væl mot-teken paa alle Stader, og sist paa kom han til Fødelandet sitt, og daa gekk han til dan Kaupmannen, som me hava fortalt um, og spurde um han kunde faa Husvære nokre Dagar. Kaupmannen var daa so blid og beinsam, at da var ingen Maate paa; fyre da var rike Folk, syntest han, og dar var vist ein god Skelling aa venta. «Veit du kvar du er komen no?» sagde Meisteren til Tenaren sin. Nei, han lest inkje vera kend paa dan Leidi, og var daa so still og sturen, som han hadde ventat paa ei Ulukka. Daa sagde Meisteren, at han vilde hava Kaupmannen inn, og han skulde fortelja um alt da, som hadde hendt i Landet, og Kaupmannen kom og sette seg til aa fortelja um baade eit og annat, og sist paa fortalde han nokot smaatt um seg sjølv og. Da, tykte Meisteren, var da morosamaste, og bad han fortelja meir. «Da kann no vera so smaatt aa tala um,» sagde Kaupmannen, «men eingong gjorde eg daa ei Pretta, som inkje var so klen endaa. Da var ein Skiper, som budde paa denne Garden og hadde kaupt han og sett han væl i Stand. Eg hadde myket Gaman med honom, og eingong fekk eg honom til aa gera eit Veddemaal um da, at eg skulde faa Keringi hans til aa giva meg ei Gullsnor, som ho bar paa Halsen. So fekk eg lokka ei Fante-genta til aa stela Gullet, eingong daa Mannen var burte, og naar han kom heim, so gekk eg til honom og synte honom Gullet. Daa trudde han, at eg hadde fenget da i Elskuggaava, og skapade seg reint galen og gjorde Folk av til aa drepa Keringi; og so sette dei upp ei Lygn aat honom, so han trudde, at da var alt gjort; og darmed strauk han av og spurde inkje meir etter nokon Ting. So tok eg Garden hans, etter som Veddemaalet lydde, og jagade Keringi av; og sidan heve eg inkje høyrt nokot atter, korkje um henne elder honom.» – «Da var da sløgaste, eg heve høyrt,» sagde Meisteren, «eg vilde berre, at eg hadde dan Fortelnaden uppskriven; fyre da var ein rik Herremann, som bad meg spyrja upp nokra Fraasegner til Gaman, og han er so kær fyre slika Sogor, at han giv store Pengar fyre dei, og te sløgare og fulare dei er, te betre likar han dei.» Og Kaupmannen var ferdig med fyrste Ord til aa gera alt, som kunde vera Gesten hans til Vilje, og so gekk han og sette seg til aa skriva, og Meisteren og Tenaren hans sat atter tvo eine. «Veit du no, kvar du er komen?» sagde Meisteren. Daa sagde Tenaren, at han kunde ikje dylja da lenger, at han var dan Skiperen, som Kaupmannen hadde talat um. «Veit du kven eg er daa?» sagde Meisteren. Tenaren visste ikje, kva han skulde segja; «eg heve havt som ei Tru um da i lang Tid,» sagde han, «men er du dan, som eg tenkjer, so heve eg gjort so stor Urett og so myket vondt imot deg, at da kann aldri vera tilgivande, og inkje er eg verd nokot annat en dan verste Hemn og Refsing, som nokon Mann kann lida.» – «Ger deg ingi Sut fyre di,» sagde Meisteren, «no er da fraa seg gjort baade med Hemnen og Harmen, og no skal altsaman vera gløymt; men no ljota me fyrst gera ei liti Greida med Kaupmannen.» Og so sende dei eit Klagemaal til Riksraadet og lagde Kaupmannen sitt Brev inn i; fyre daa hadde han skrivet Fortelnaden um Meisterstykket sitt, og sett Namn og Bustad innunder; men kor da gekk med Løni, som han ventade seg, da heve eg inkje høyrt nokot um; han kom no væl i Myrkestovo fyre da fyrste. Men Skiperen og Kono hans fekk atter Garden sin og stod seg godt og livde so væl saman, at dei visste ikje kor snilde dei skulde vera mot kvartannat.