Den burtkomne Faderen/XXXVII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 87-90).
◄  XXXVI
XXXVIII  ►

«Ja,» segjer Bror min, «sann er den gamle Tanken at jordi er Helheimen.

Her brenn Elden som ikkje sloknar; her gneg Ormen som aldri døyr. Men Elden heiter Hât; og Namne paa Ormen er Hugverk.

Sjølve er me Sjælerne som brenn. Den blaa Logen stend av oss i vonde Gjerningar og ut or Halsen paa oss i Eidar og vonde Ord.

Og sjølve er me Djevlarne som piner. Ved ber me kvar til annans Baal. Og me klyper kvarandre med gloande Tenger. Og svider kvarandre med Jarni raude. Og Gneistar fræser me i Syni paa kvarandre, og sputtar Eiter.

Men sant er det og, at Jordi er Guds Rike. Faae finn det; for Vegen er smal og Porten trong. Og uppyvi Døri lyser Krossen med Innskrift av Eld: ver lydig til Dauden. Men dei som finn det, kjennar det. Og dei segjer: fro den Sæla Skuld, som me her fann, var Verdi ikkje for mykje paakosta.

Men mange naar korkje Himmel eller Hel. For desse er Jordi ein Huldreheim. Der lever dei paa Mus og Frosk og vert feite, og sankar Smaastein og Mỳk og trur det er Gull. Og dei bind seg Kransar av visna Lauv og skjer seg Stavar av morken Ved, og klunkar paa Tarmstrengjer og dansar og syng: stor er vaar Magt; me raar Jordi.

Sæle er dess Huldrefolki. Dei er fornøgde med Haugen sin og det som der er; og dei ét og drikk og elskar og spelar seg og lær aat oss som tek Live tungt og vil inn i Himmelen eller Helvite.»

«Visdom talar du, min Bror Sant Paal,» segjer eg; «men du gløymer det andre Live.»

«Alt som er sagt um det andre Live er myrk Tale og Bilæte som men ikkje kan gjera oss nokon Tanke um. Men Voni hev me, alle som gjer det gode.»

«Men dei som gjer det vonde?»

«Dei døyr den andre Dauden og skal som Ugras og Avfall bli utkasta eller uppbrende.»

«I den ævelege Eld.»

«Elden er æveleg, men knapt Avfalle.»

Han tagnar. Um eit Bil segjer han:

«Men vil nokon gjera det gode for eit anna Liv Skuld, han daarar seg. Tenar me for Løn, so fær me inga Løn; for Domaren vaar, han som sit her inne, og som ikkje lèt seg lura paa Lengdi, han veit, at hadde det kje vore for Løni, eller Straffi, so hadde ein slik Tenar heller gjort det vonde.

Berre ei Løn hev me trygg; Livsmeining, Livsglede, Sjælefred.» Han smiler og ser paa meg: «du tykjer det er lite?»

«Mange fær du ikkje med deg,» segjer eg.

«Ingen,» svarar han, «utan dei som arbeider og er mødde, og som illtrivst i verdi og hev vondt. Men andre er det heller ikkje som treng Meisteren.»