Den burtkomne Faderen/XXXVIII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 90-92).
◄  XXXVII
XXXIX  ►

Farvel, Tarald, du gamle Krok. Framfødd er du no, og heime for ollo.

Roleg og rein som eit Baan ligg han der under Likblæja. Lite Nauvar det no, um han sleit vondt i niti Aar. Og eg misunner han, at han hev klara den siste Kneiken.

Soleis skal Menneskje døy. Han sovna av ein Gong i Nott, og ingen visste um det. Han hev sjølv ikkje visst um det.

Eg slepp ikkje so lett. For den som ikkje hev levt so, fær heller ikkje døy so. Men det maa koma som det kann. Eg veit, at eg stend det yvi.

Kven vil daa klaga. Alt jamnar seg og vert stillt. «En liden Stunde det varer ved, saa haver min Elende en god Ende,» syng dei her. Vonde var dei med Menneskja, dei som dikta den tunge Draumen um eit anna Liv; og hata gjer eg hin Skalden, som vekte i Verdi denne sjuke Tvil: men hev den Svevnen Draumar?

Eg hev ikkje havt det godt i Verdi, og godt fær eg det ikkje. Men var der eit anna Liv, so fekk eg det verre der. For der varer det æveleg. Og alltid det same; alltid godt, eller alltid vondt. Di er det mi Von og Tru, at um alt anna i Verdi lyg, so er daa Dauden det han gjev seg ut for.

Sæl helsar eg deg, gamle Felage som hev stridt ut; og snart kjem eg etter.