Side:Nye testamente (1889).djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

sjaa, han er i Løynromom, so tru ikkje!
27 For likafom Ljonet kjem ifraa Auster og syner seg heilt til Vester, soleides skal og Menneskjesonens Tilkoma vera.
28 For der Aata er, der vilja Ormarne samlast.
29 Men straks etter Trengslorna i dei Dagom skal Soli formyrkjast og Maanen ikkje giva sitt Ljos, og Stjernorna skulo falla ned av Himmelen og Himmelkrafterna stakast.
30 Og daa skal Menneskjesonens Teikn syna seg paa Himmelen, og daa skulo alle Ætterna paa Jordi graata; og dei skulo sjaa Menneskjefonen komande i Himmelskyom med stor Magt og Æra.
31 Og han skal senda sine Englar ut med ljomande Lurar, og dei skulo sanka hans Utvalde fraa dei fire Vindar, ifraa det Ytste og til det Inste av Himmelen.
32 Men lære ein Liknad av Fikentreet: Naar Greini fær Save, og Lauvet sprett, so vita de, at Sumaren er nær.
33 Soleides og naar de sjaa alt dette, so vita de, at han er fyre Dyrrom.
34 Sannelege segjer eg dykker: Denne Ætti skal ikkje forgangast, fyrr alt dette gjeng fyre seg.
35 Himmelen og Jordi skulo forgangast; men mine Ord skulo aldri forgangast.
36 Men um den Dagen og Timen veit Ingen, helder ikkje Englarne i Himmelen, utan min Fader aaleine.
37 Men likasom det hende seg i Noa Dagar, so skal og Menneskjesonens Tilkoma vera.
38 For likasom dei var i Dagom fyre Storflodi, dei aat og dratt, gifte seg og vart burtgifte, alt til den Dagen, daa Noa gjekk inn i Arki.
39 Og dei ansade det ikkje, til dess at Storflodi kom og tok deim alle burt, soleides skal og Menneskjesonens Tilkoma vera.
40 Daa skulo tvo vera utpaa Marki, den eine skal verta teken, og den andre verta atter.
41 Tvo skulo mala paa Kverni, den eine skal verta teki, og den andre verta atter.
42 Vake difyre; for de vita ikkje, kvat Time Herren dykkar kjem.
43 Men det vita de, at dersom Husbonden viste, kvat Nattevakt Tjoven vilde koma, so vakte han og leet honom ikkje koma og brjota sig inn i Hufet hans.
44 Difyre vere og de reiduge ; for Menneskjefonen kjem i den Timen, som de ikkje tenkja.
45 Kven er vel den tru og kloke Tenaren, som hans Herre heve sett yver Tenestefolket sitt til aa give deim Maten i rett Tid.
46 Sæl er den Tenaren, som hans Herre finn so gjerande, naar han kjem.