Um sjeldsynte Dyr i Sjoen

Fra Wikikilden
Um sjeldsynte Dyr i Sjoen

av Ivar Aasen
(anonymt) prenta i «Fedraheimen» nr. 58, 1878.


Daa det no i nokre Dagar heve voret Tale um eit Dyr, som nylege viste seg i Sjoen ved Aalesund, og som Folk ikkje fekk sjaa so grant, at dei rett kunde vita kvat Slag det var, so kunde det no vera tilhøvelegt aa minna seg paa nokre Fraasegner fraa fyrre Tider um ymse undarlege Dyr i Sjoen.

I den merkjelege gamle Boki, som heiter Kongespegelen (Konungs Skuggsjaa), finna me ein heil Bolk med Fraasegner um alle Kvalar og Kobbeslag, og dernæst ogso um nokre sjeldsynte undarlege Dyr, som hava voret sedde i Havet. Eit av deim er kallat Havguva (Hafgufa) og er sagt aa vera so stort, at naar det fløyter seg upp i Sjoen, so er det likare til eit Land en til ein Fisk; og dertil er det og sagt, at det føder seg paa den Maaten, at det berre held Kjeften open fyre ei Stund, og daa denne Kjeften er so stor som ein liten Fjord, so samnar det seg alltid eit litet Straal med Fisk i honom, og naar so Dyret legg Kjeften i Hop atter, so fangar det dermed desse Fiskarne og gløyper heile Hopen paa ein Gong. So er der ogso fortalt um tvau andre «Skrimsl», som visa seg i Grønlands-Havet framanfyre ein stor Storm, og som hava mest som Mannsskapnad i Hovud og Herdar, naar dei syna seg paa Sjoen; det eine av deim er kallat Havstramb og det andre Margygr, og dei ero ogso nokot like, so ein mest kunde segja, at det maa vera Han og Ho av same Slaget. Men um alle desse Dyri segjer Forteljaren, at Folk hadde berre seet deim nokot langt ifraa, og at dei ikkje hadde voret veidde elder fangade, so at ein kunde faa nokor Fullvissa um Skapnaden deira. Det er likt til, at dei ogso hava voret kjende paa Island; for det finnst uppteiknat i dei islandske Aarbøker ved Aaret 1305, at nokre Kaupmenner hadde voret ute paa Havet i ein stor Storm, og daa hadde dei seet baade Margygr og Havstramb og mange andre «Skripe». Lika eins finnst det ved Aaret 1329, at Margygri hadde synt seg sunnanfyre Landet.

I ei gamall Saga, som er skrivi nokot seinare en Kongespegelen, finna me ein Fortelnad um eit Sjodyr av eit annat Slag. Den islandske Bispen Gudmund Areson (død 1237) var komen i stor Usemja med Hovdingom paa Island, so han baade ein Gong og fleire laut fly fraa sitt Bispesæte, og soleides var han daa og nokre Aar i Norig. Her var det eingong, at han var ute paa ei Ferd millom Nidaros og Bergen, og daa høvde det seg so ein Kveld, at han skulde taka Hamn i Hjørungavaag paa Sunnmøre. Men daa hadde det nylege hendt, at ein Orm med tolv Lykkjor (elder Bugter) flotnade upp or Sjoen, so han stundom laag tvert yver Vaagen og stundom løynde seg ned i Kavet, og jamnaste kom han upp, daa det var mest til Meins fyre Folk, som vilde inn paa Vaagen. No lagde han seg ogso tvert i Vegen fyre Skuta, som Gudmund var paa, og Sjomennerne kvidde og leto illa fyre detta Meinhøvet; men Gudmund bad deim stemna beint inn paa Vaagen, og so gjorde han si Bøn og tok vigt Vatn og skvette paa Ormen; daa seig han undan, so Skuta slapp godt fram. Og det som meir var: um Morgonen etter fekk Folket sjaa, at Ormen var reken paa Land (med Flodi) og sunderhoggen i tolv Stykke. (Biskupa Sögur 2, 129).

Detta skulde daa hava hendt umkring som i Aaret 1225 elder nokot fyrr. Men der er ogso Teikn til, at der alt fyrr hadde voret ei Segn um ein Orm i denne Vaagen. Som kunnugt er, var der eingong eit stort Slag i Hjørungavaag imillom Jomsvikingom og Haakon Jarl. I detta Slaget var der ein Jomsviking, som dei kalla Bue hin digre, og som hadde med seg tvo Kistor, fulle med Gull. Han stridde mannelege, til dess han saag, at Slaget var tapt, og daa tok han Gullkistorna sine og støypte seg i Sjoen med deim. Men sidan var der ei Folkesegn um, at denne Mannen var umskapad til ein Orm og laag der paa Botnen og gjætte Gullkistorna sine. (Flatøyboki 1, 203). Detta høver no godt saman med andre Segner fraa Forntidi um slike Ormar elder Drakar, som skulde liggja og verja fyre ein nedgraven Skatt, so som den namnkunnuge Ormen Faafner, som Sigurd Faafnesbane fekk Tilnamnet sitt av. Men det som fyre oss er mest aa merka ved denne Fortelnaden um Biskop Gudmund er det, at han viser, at Folket vaart alt fyre sekshundrad Aar sidan hadde nokotsonær den same Tokknad um Sjoormen, som det sidan heve havt.

Av dei Bokmenner, som i seinare Tider hava skrivet um undarlege Dyr i Sjoen, faa me fyrst nemna Peder Claussøn (død 1614). Hans Bok um Norig det verste er, at han er so for frek til aa eta Folk, at han legg seg midt i Skipsleidi til aa fanga deim, som ferdast paa Sjoen; stundom berre lyfter han upp Hovudet og tek Folket ut or Skuta, og stundom slær han sunder Skutorna elder Baatarne og et upp Folket, som var i deim. Den einaste Heppa er, at det er so sjeldan han kann koma upp or Djupet; det er berre i stillaste Vedret og bjartaste Solskinet og ikkje paa andre Tider. Skulde ikkje det vera, so kunde der ikkje koma Folk paa Sjoen, og ingen kunde bu paa Øyom paa Vestersida av Landet.

Peter Dass heve ogso nokre Ord um Sjoormen i sin «Nordlands Trompet»; og sidan var det daa fleire, som skreiv um det same. Biskop Pontoppidan i Bergen sankade saman alle Fraasegner um detta Dyret og førde deim inn i si Bok um «Norges naturlige Historie». (1752). Han gav endaa paa ein Stad ei Teikning av Sjoormen; men denne Teikningi var komi fraa Presten Strøm paa Sunnmøre og var gjord etter berre Fraasegn og ikkje etter eigi Augnesyn. Det var ikkje fritt fyre, at Strøm tregade paa, at denne Teikningi skulde koma soleides ut; for han var rædd fyre, at Folk skulde tru, at han hadde seet sjølve Dyret so vel, at han kunde teikna det av etter Augnesyn. Strøm var sjølv ein ærleg «Vitenskapsmann», som tok det grant og gløgt med si Umlysing av Landsens Dyr og Voksterslag; men han var ikkje av deim, som tru, at alt som ulærde Folk fortelja, skal vera berre Skravl og Skrynjor. Han segjer kvat han hadde høyrt um Sjohorvi (elder Kraken), og lika eins um Havmannen (= Havstramben); og um han endaa sjølv hadde stor Tvil um Tingen, so tykte han daa, at det var «alt for vaagelegt aa vilja neitta ein Ting, som so mange truverduge Menneskjor sanna». (Søndmørs Beskr. 1, 287). Nokot likt segjer han og um Sjoormen, som han med all sin Etterrøknad ikkje hadde fenget nokor nøgjeleg Greida paa. Han hadde elles høyrt ei Gisning um, at det kunde vera den Fisken, som me kalla Styrja, elder snaraste ei Rad av Styrjor, som gjekk og leikade og rende etter kvarandre i Sjoartrømen; men dette vilde han daa lata standa ved sitt Verd, til dess at betre Upplysning kunde koma. (S.207).

Det er no elles aa merka, at det paa denne Tidi (elder etter Midten av fyrre Aarhundradet) var komet eit nytt Ljos i Kunnskapen um Dyreriket og Voksterriket; og det var ei Fylgja av det store Framstiget, som denne Kunnskapen hadde gjort i Sverike med Linné og hans Fylgjesmenner. Her i Landet var Strøm ein av dei fyrste, og sidan var det fleire, som gjorde seg kjende med Linné’s Skilgreida elder Samskipnad (System) og strævade trutt med aa ransaka og røkja etter alle dei Dyrslag, som dei kunde finna i sitt eiget Land. Ein av dei gildaste av deim var Biskop Gunnerus i Trondheim, som og paa sine lange Embættesferder hadde Tilleiding til aa samna Kunnskap um Dyrelivet lika til nørdste Enden av Landet. Men han tok det no elles nokot strengt med slike Ting, som han hadde nokor Tvil um. Han skreiv eingong eit Stykke um dei Sjodyri, som den gamle Kongespegelen talar um, og um ymse andre, som elles hadde voret umtalade. I detta Stykket segjer han, at den gamle «Havguva» maa vera det same, som sidan er kallat Sjohorvi og i Nordland (etter H. Egede) Kraken; men det er altsaman berre ei Skrynja, som er uppkomi ved Mistyding av ymse Rørslor, som Folk hava merkat i Sjoen. Um Havstramben (elder Havmannen) trur han, at det er det same, som i Nordland heiter Klakkekallen; men detta er visst ikkje annat en eit Kobbeslag, og serlege den Kobben «som Hollænderne kalde Klapmütze». Og den gamle Margygri maa og vera nokot av same Slaget. Um Sjoormen trur han, at det berre er ei Minning um Midgardsormen, som me kjenna av dei gamle Dikt ifraa Heidenskapen, og at det, som Folk no kalla Sjoorm, maa vera anten eit Kvalslag elder og ein Flokk av Styrjor, som jaga etter kvarandre øvst i Sjoen.

Herum hava no visstnog mange tykt so, at dermed var denne Saki avgjord. Men det kunde der no endaa vera ymis Tvil um. Det er sant nog at Folk i fyrre Tider hava trutt mangt og myket, som i Røynsla var berre Mistydingar og Skrynjor, so det var fullstor Torv til, at Sanningi vardt etterrøkt, og at alt var atterført til sitt rette Maal. Det var ikkje so faarlegt, naar Folk fortalde kvat dei sjølve hadde seet, som naar dei skulde herma nokot som andre hadde fortalt, for daa vilde der snart koma ymse Misminne til, og dermed kunde altsaman verda so ofsat og uppskrøyvt, at det var mange Gonger for stort, so som det visst maa vera med den Fraasegni um Sjoormen, som P. Claussøn heve gjevet. Men det vilde vel og vera for tidlegt aa tru, at alt som rørest i Havet, skulde no vera so vel uppklaarat, at der ikkje kunde vera nokot meir til aa uppdaga. Det er Von til, at der i det store Djupet kann endaa vera ymist, som ikkje er fullkunnugt; og naar no ein Sjomann elder Fiskar fær sjaa nokot slikt, so er det daa illt, at han skal heita Ljugar, naar han berre segjer kvat han sjølv heve seet. Og difyre tykkjer eg, at det er eit fagert Ord av gamle Hans Strøm, naar han segjer, at han tykte, det var for vaagelegt aa vilja neitta ein Ting, som so mange truverduge Folk hadde sannat.