Trymskvida

Fra Wikikilden
— 12 —

Trymskvida.

(Hamarsheimt).

——

<poem> 1. Vreid var Vingtor, daa han vakna og hamar sin han munde sakne. Skjegg han riste, hedna[1] han skok; tok son aat Jord um seg aa trivle.

2. Og han dei ordi aller fyrst kvad: „Høyr du Loke her kva eg segjer, som ingin paa jord hell i uppheimen veit: fraa aasgud hev dei hamaren stoli.“

3. Gjekk han til Frøya i fagre tun, og han dei ordi aller fyrst kvad: „Vil du meg, Frøya, din fjørham laane, at eg min hamar hitte maatte?“

Frøya kvad:

3. „Eg gav deg han gjerne, um av gull han vøre; eg lét deg han faa, var han laga av sylv.“

5. Flaug daa Loke, fjørhamen dunde, til ut han kom av Aasagarden, og inn han kom i Jøtunheimen.

6. Trym sat paa haugen, tusse-drottin, band han batt aat bikkjom av gull, og maani meitte paa marom[2] sine.

Trym kvad:

7. „Koss gjeng det aasom? Koss gjeng det alvom? Kvi kjem du einsleg til Jotunheimen?„

Loke kvad:

„Ilt er med aasom, ilt er med alvom. Hev du Lorrides hamar løynt?„

Trym kvad:

8. Eg hev Lorrides hamar løynt, aatte rastir under jordi. <poem> Ingin honom att fær heimta, utan han fører meg Frøya til viv.“

9. Flaug daa Loke, fjørhamen dunde, til ut han kom av Jøtunheimen, og inn han kom i Aasagarden. Tor honom møtte midt i tune, og han dei ordi aller fyrst kvad:

10. „Hev du heppe havt med ærend? Seg der i lufti den lange tidend; sitjande selle sogo si gløymer, og liggjande mann lyg det han beiler.“[3]

Loke kvad:

11. „Heppe eg hev havt med ærend, Trym hev din hamar, tusse-drottin; ingin honom att fær heimta, utan han fær honom Frøya til viv.“

12. Gjeng dei fagre Frøya aa finne, og han dei ordi aller fyrst kvad: „Bitt um deg, Frøya, brure-line, me tvo skal aka til Jøtunheimen.“

13. Vreid vart daa Frøya,, so ho frøste, og aasa-salen all han bivra. Ned spratt bjarte brisinga-mene. „Manngal dei meg meiner vera, um eg ek med deg til Jøtunheimen.“

14. Alle i senn var æsir paa tinge og aasynjur alle til stades. Raadlag heldo rauste gudar, koss Lorrides hamar dei hitte skulde.

15. Kvad det Heimdall, kvitaste aasen, — vidt saag han fram som vanine elles —: „Binde me um Tor brure-line, bere han bjarte brisinga-men.

16. Late um honom lyklar ringle og kvende-klæde um kne falle, <poem> paa brjoste setje me breide steinar, og haglegt binde me hovud-toppen.“

17. Kvad det Tor, den trauste aas: „Kjering vil daa kalle meg æsir, lèt eg meg binde med brure-lin.“

18. Kvad daa Loke, Lauvøy-sonen: „Teg deg, Tor, tala kje dette; snart kjem jøtnar til Aasgard byggje, um inkje din hamar du heimtar att.“

19. Batt dei um Tor daa brure-line og det bjarte brisinga-mene, lét dei um honom lyklar ringle og kvendeklæde um kne falle, sette paa brjoste breide steinar, og haglegt batt dei hovud-toppen.

20. Daa kvad Loke, Lauvøy-sonen: „Meg til terne du take med deg, so èk me tvo kvende til Jøtunheimen.“

21. Snøgt var baae bukkane heimta, sprette i skoklar, skulde vel renne. I berg det brotna, brann i jord loge, ók Odins son til Jøtunheimen.

22. Daa kvad det Trym, tusse-drottin: „Upp og bere paa benkir halm, no fører dei meg Frøya til viv, dotter aai Njørd i Noatun.

23. Her gjeng innmed garden gullhyrnde kyr, aalsvarte uksar, jøtnen til gaman. Eg hev nøgdi av gull, hev nøgdi av godar, einast Frøya eg no vantar.“

24. Tidleg um kvelden kom det til dess at fram for jøtnar øl vart bori. Sjølv aat han ein ukse, aatte laksar, alle dei kraasir til kvendi var laga, tri kaggar mjød drakk mann hennar Siv. <poem> 25. Daa kvad det Trym, tusse-drottin:

„Kvar saag du brur 

bite kvassare? Aldri saag eg brur bite breidare eller meir mjød nokor møy drikke.“

26. Sat ho attmed, den innfule terna, som ord fann til svars paa jøtuns tale: „Frøya aat inkje aatte nætar, so ovhuga var ho til Jøtunheimen.“

27. Han letta paa line, var lysta te kysse, men undan han stokk endelangt i salen: Kvi er so illkvasse augo paa Frøya? Eld meg tykkjest or augo loga.“

28. Sat ho attmed, den innfule terna, som ord fann til svars paa jøtuns tale. „Inkje sov Frøya aatte nætar, so ovhuga var ho til Jøtunheimen.“

29. Inn kom arme jøtun-systri, som beda torde um brure-skatten: „Rett meg ringar raude av handom, um du vil hava hugnad hjaa meg, hugnad hjaa meg og all mi hyllest."

30. Daa kvad det Trym, tusse-drottin: „Bere inn hamar’n bruri aa vigje, leggje Mjølne paa møyar-kne, vigje oss saman med Vaar si hand."

31. Log i hugen Lorride godt, daa hardhausen sin hamar kjende. Trym drap han fyrst, tusse-drottin, og jøtun-ætti all han tynte.

32. Drap den aldruge jøtul-systri, ho som bad han um brure-skatten. Skjell ho fekk for skillingar og hogg av hamar for haug av ringar. So kom Odins son att til sin hamar.

Kvida, forteljing paa vers, av same rot som kveda.

1. Tor er her kalla Ving-Tor (den som svingar hamaren, Vingne er han òg kalla (Vavtr.). Han heiter ogso Lorride (han som køyrer der det er heitt?) og Oku-Tor, og vognguden (reidar-ty). — Foreldri hans er Odin og Jord.[4] — Tor er kalla aasabrag (kulten av æsine), hovdingen for alle gudar, den som er høgst vyrd, den allmegtuge aas, den megtugaste av gudane, Norigs land-aas (landsgud). Torsdagen[5] var heilagdagen. Sume meiner at han var høgste guden i Norig, fyrr Odin fekk rangen — Mange folkeminne er det um Tor baåde i sogur og kvæde og ordtak (guten med klubba, guten hjaa trolle, Raamund unge, „Tor med tungom hamre“, „Signe deg Tor i Lund“, „Gamle-Tor er laus“, Tor Drykkjebasse, Tor Trollebane, Tor tambur, trummeslagaren.[6] Inkje nokon annan gud gjeng att i Norig som Tor. Mange folkenamn og gardsnamn[7] yvir heile lande er samansette med Tor. — Hamaren[8] hans het Mjølne (den som mel og knasar sund). — At Tor miste hamaren sin er fortalt i ei segn fraa Rauland i Tel. Han var i eit brudlaup, der dei berre gav han øl i ein bolle, og inkje heile tunna, som han hadde fengi ein annan stad. Daa vart han vreid og kasta hamaren imot garden so hardt at han sokk djupt ned i urdi, og der laut Tor leite lengi fyrr han fann hamaren att. Andre segjer at hamaren flaug av skafte og vart burte. Tor kom i beit; han lova daa, at fann han att hamaren, skulde han gjera veg gjenom urdi. Daa fann han hamaren og gjorde etter lovnaden. — Irane hadde i gomol tid ei forteljing um klubbeslagaren, storkjempa og stor-ètaren Dagdé, at risane hadde røva harpa hans, so at han sjølv med tvo fylgjesveinar laut av og hente ho att i halli aat risekongen. Tacitus kallar Tor Hercules (Herakles). Og honom liknar Tor i mangt. Baae vèr dei menneski mot alt som vondt er. Baae dregst dei med alderdomen (manngjord). — Med H. sov under eit tre, vart vaapni hans stolne. Hermes førde H. til droningi Omfale (etter bòd av Zevs, segjer Evrippides i eit spel), der sit han kvendeklædd, O. kjember honom og hev klubba hans. H. skulde tene Sylevs, men gjorde seg berre til godes med maten og drykken hans, baud S. aat seg og drap baade honom og den hardhjarta dotteri hans. H. aat ein gong ein heil ukse og drakk av store bollar. Han førde krig mot tremilane og mot amasonune, og der vann han ei dubbel-øks. Fleire stadir er han avskildra køyrande i lag med eit kvende, ein stad dreg tvo kentaurar vogni. Ei 17 utgomol sogu fortel at risen Cacus stel fé fraa H., med han søv. H. set etter C. til holo hans, drep risen og fær att fée. Mange spel-leikar vart gjorde um H. — Er Trymskyida bygd paa slike sogur um H. med ein gamall utklædingsskikk og eit natur-emne til grunnlag?

Dette upphavlege natur-emne laut daa ha vori paa lag som W. Ranisch segjer det: Um vinteren er det inkje noko tore-vèr, so hev daa Tor ingin hamar um vinteren. (Sml. segni fraa Tel. um at hamaren vart burte). Kvar-helst hev det vorti av han? tok so folk til aa spyrja. Risane maa ha teki han. Emne til ei forteljing var ferdigt. Og ymse drag fraa sogo um Herakles skapte kanskje songen. [9]

2. Loke. Namne hev dei tydt „den som endar“ (av luka). S. Bugge trur det er avleidt av Lucifer. A. Olrik meiner det er prova at loke er ei sideform til loge: „hos norsk og svensk almue er Lokke navnet paa arne-ilden, opfattet som levende væsen og gjenstand for hjemlig dyrkelse. Hos den jydske bonde er han knyttet til den glødende sommerhede, — naar luften flimrer af sol, „driver Lokke sine geder“ eller „saar Lokke sin sæd“ Loke udvikler sig da fra at være en ildgud af tvetydigt væsen, hjælpende og plagende, til at være asaverdenens skurk.“ Det er likevel inkje avgjort, „om der er paavirkning fra andre folk, Lucifer og den keltiske Eochaid den fagre, der trods sin jættebyrd bliver knæsat af guderne til deres eget fordærv. Men i hvert fald mærkes der store hjemlige kræiter i denne udvikling: en bestræbelse efter at udskille de mere naturbundne og ethisk ringere væsener fra gudekredsen og et stadig skjærpet blik for guddom og jætte som tilværelsens store modsætninger. Hertil kommer at da Lokeskikkelsens episke værdi i særlig grad blev udnyttet af „de gudekyndige“ (mytefortællerne), og forskydningen der for kunde ske med større fart.“ — Loke er den drivande krafti i den norske gudesogo og hovudmannen i syrgjespele. — Han vert berre nemnd etter mor si, Lauvøy, i fornkvædi, (Einast „Haustlong“ nemner faren Faarbaute). Dette peikar til utgamle tidir, daa giftarmaali var lausare, og provar at Loke høyrer til dei eldste lag i gudelæra.[10] — Fraa det fyrste er vel Loke helst i lag med Tor og liksom drengen hans, og gjer baade beinkur og spikk. — Han er ofte fljugande[11] (sml. namne Lopt, luft), soleis og i Torekallsvisa. — Loke gjeng endaa mange stadir att i folke-minne. Folk segjer (i Tel.): „Lokje dengjer borni sine,“ naar det sprakar paa aaren;. „det skal Lokje ha,“ naar dei kastar snerken paa elden. „Lokke, Lokke, gjev meg ei bein-tann, her hev du ei gull-tann,“ segjer dei i Sverige, naar dei hiver paa elden ei felld tonn.

Edda-kvæde. 2 Paa Island kallar dei flis til aa kveikje eld med for Loka spon. Lokki heiter han paa Færøyane; der er det endaa ei vise um han. — Millom Loke og Hermes er det mange lik skapar.

3. Frøya, dotter til Njørd i Noatun (skipsgarden), hadde, etter Grimn., bustaden sin paa Folkvang. — Snorre kallar Frigg „falkehams droningi“ og fortel at Loke ein gong laante falkehamen hennar. Og fraa det fyrste er vel Frøya (fruga) berre eit namn paa Frigg. I Trk. liknar ho og mest paa Frigg i vyrdnad og byrgskap, og er ulik den Frøya som Loketr. og Hyndl. fortel um. — Njørd og borni hans, Frøy og Frøya, vart kalla vanir[12] (bjarte, lysande), dei er vise (framsynte, trollkunnige). Vanir er berre nemnde i Norig og paa Island, og Bugge trur at dei høyrer til ei yngre tid. Vanegudane hev vel upphave sitt fraa disi Nerthus[13], som Tacitus talar um. H. Schück meiner at vanine var folke vinilane (langbardane), som førde krig med Odins-folke vandalane, og som kann hende var med i det folkesamlage som dyrka Nerthus. — Frøya liver endaa i ein vess fraa Set.: „Frøya hjelpe kona dysse og nynne baane.“ Ved fyrste barnsengi.

6. Trym tyder den som dunar. Kjetil Trym het ein verdøl ikring 890. Trym het jøtunen i Vorma, fortel ei gomol sogu fraa det 13de aarh.[14] Trym er elvenamn hjaa Snorre. Eit slikt elvenamn ligg kanskje til grunn for gardsnamni Trumald (Hall.) og Trumnes (Lauten). I Torekalls-visa er det grimen (eit vatstroll?) som hev teki hamaren. — Sume meiner at Trym tyder den som torar, og at det skulde vera meint at ein jøtun var toregud um vinteren.

Tussar. Fraa Telemork skreiv Wille at der „tillægges jutulerne, jøtnerne, ogsaa kaldet thussar, de største og æventyrligste dimensjoner.“ I Set., Sogn, Nordl. og fl. st. er tussar det same som haugafolk. I Trondh. tyder tuss no „stymper, klodrian“. Paa g. n. var ein tuss verre og styggare enn ein vanleg jøtun.

Aa sitja paa haugen var vanleg skikk millom storfolk. Dei saag der ut yvir eigedom og arbeidsfolk og ferda-menn.

Aas (fl. æsir), av roti ans (anses kallar Jordanes gotane sine halvgudar), anten vindgudar eller aandir. Herav: aaska (aas-ekja), tora.

8. Aatte-tale er brukt 4 gongir i Trkv., som ogso hev 4x8 vers. 4 guddomar er nemnde. Rigst. talar um 8 manns styrke, Loketr. um 8 vintrar som Loke var under jordi, Skirn. um 8 ringar som dryp av Draupne, Grimn. um 8 vintrar, 8 nætar. 8 hundrad einherjar. Snorre um at Sleipne hadde 8 føtar. — I Trondheim høyrer ein mykje um aatte-tale: 8 fylke var der. 8 friborne ættlegg laut den haya fyri seg som hadde aarborin manns rett (sameleis som hjaa keltane), 8 mann skulde vera til stades naar draap vart utlyst. I aattungar var bygdir bytte (helst paa austlande). Ei mork var 8 aurar. Ein fri mann hadde 8 gongir større „rett“ enn trælen sin. Trymlur fortel at Tor var 8 alnir og tolv. 8 alnir nemner - visa um Torekall. Aatte-dagar heiter endaa ei viku.[15] — 4-tale[16] er inkje so mykje brukt, men 2-tale finst ofte i segnir um Tor.

13. Brisinga-men, prydnaden aat Frøya, anten det lysande mene (brising, baal) eller det som Brisingane (namn paa dvergar) hadde smidt. Men av same roti som maan, nakke. B. er nemnt i det angelsaksiske kvæde um Bjovulf og i tyske sogur um Ermanrik. Kanskje det var utgamle germanske segnir um tviljos-gudar (brisingar) som lokka gudedroningi til utruskap med prydnaden. Sume tenkjer ved brisinga-men paa soli, sume paa morgonrauden. — Ei fornsogu (Soria taatt, fraa det 14de aarh) fortel at Frøya kjøpte prydnaden av dvergar. Odin fekk Loke til aa stela det. og ho kunde inkje faa det att, fyrr ho eggja tvo kongar mot kvarandre i endelaus kamp.

15. Heimdall er berre kjend i Norig og paa Island. Namne tyder anten den som lyser ut yvir heimen, eller den som lyser bjart. Sume finn regnbogen manngjord i namne. Han høyrer inkje til vanine sjølv, men er likso framvis som dei. Han er gudevorden (Skirn., Loketr.), og bur paa Himinbjørg (Grimn.), han er ættefar til menneskjestandi (Rigst., Volusp.). Han blæs i norne Gjallarhorn (Vsp). — Her tykkjest han stande nær Tor. — Fleire gongir vert det fortalt koss <let var laga med H. i utgomol tid; far hans vert inkje nemnd, men han hev nie mødrar (Hyndl.), han maa daa høyre til dei eldste lag i gudeheimen. — Dei trur han er avskildra paa ein bilætstein paa øyi Man.

Kvendeklædde menn høyrer ein gjeti ogso andre stadir. Herakles er nemnd fyrr. Jupiter klædde seg ut som Diana, til aa vinne hugen aat Antiope. — Tetis fylgjer sonen Akillevs gjenteklædd til Lykomedes, og der vinn han dotter hans med vald, sameleis som Odin og Rind etter Saxo. — Odin for yvir jordi og var trollkjering (Loketrætta). Loke var ofte kvende. — Helge Hundingsbane og Ragnar Lodbrok klædde seg ogso til kvende, likeins Raamund Greipsson, Hagbard, Bendik, Alvar og Valivan.

16. Houud-topp. Orde typpe „maa uden tvivl udledes af toppr, en top, og synes saaledes at have betegnet en topformet omvikling af hovedet med et klæde; selve hovedtøiets navn har rimeligvis været toppr.“ (R, Keyser). Orde „typpe“, laga topp, brukar dei i Telemork og Set. som paa gamallnorsk. Ikr. 1780 batt kvendi i Set. haare upp i ein knut og sette uppaa det ein topp som var 6—12 turnar høg. Til høgtid sveipte dei eit kvitt linklæde um toppen, og det hekk langt ned etter herdane.

23. Gullhyrnde kyr er ogso nemnde i Helge Hj. 5.[17] Gullinhorne er uksenamn hjaa Snorre. — Asbjørnsen fortel um huldrekyr i Gudbrandsdalen med gullknappar paa horni (endaa fortalt i Atn-dalen) og um ei geit med gyllte horn i Lofoten. Vang nemner ogso fraa Valdres ein huldre-ukse med knappar paa horni „so blanke som dei skulde vera av gull.“ Sameleis i segnir paa Island. I Vestfalen skal det vera skikk aa forgylle ku-horni, naar det er stas. Gamle irske sogur nemner uksar med gullhorn. Gullhyrnde offerkyr er nemnde hjaa romarane og hjaa Homer.

Aalsvarte uksar er ogso nemnde i Hymeskvida. — I segnir høyrer ein mest gjeti brandute huldrekyr paa midlande, raudkollur lengst aust i Norig, vestpaa ofte kvite, i Hard., Hall., Gudbr. stundom blaae. Berre i Selbu er det tale um ein kolsvart buskap. Lokkar nemner svarte naut paa Nordmøre, i Valdres, Aadalen og i S. Øystredalom. — Saxo fortel at svenskane ofra svarte uksar til Frøy. Geirstad-Alv drøymde um ein svart stut.

29. Brureskatt[18], gaave som bruri skulde gjeva skyldfolke aat brudgomen, vonleg til aa tryggje honom eineretten til bruri. Minne fraa utgomol tid, daa kona inkje var so fast bundi til ein einaste mann, og daa ein helst rekna ætti si paa morsida. Endaa skikk med slike gaavur nørdst i Øystre dalom, i Vinje (Tel.) og i Seljor, der dei (etter Wille) kallar det bruregarn, „baand og vanter til slægtninge og embedsfolkene.“ Ho gjev dette naar skaute er sett paa. Paa Voss skal ei slik gaave vera kalla heimkomegaave, i Hardanger og Børsen bruregaave (helst til skyldfolke aat brudgomen). I Aurdal skal bruri gjeva gaavur aat fatigfolk naar ho kjem heim.

30. Vigje bruri. „Tor vigje“, stend det paa runesteinar. Det tykkjest trulegt at Tor og hamaren hadde med aa vigje giftarmaali. I segni um Urebø-urdi (fraa Tel.) er det fortalt at Tor var med i tvo brudlaup. I eit brudlaupslag vart Tors skaal drukki fyrst, fortel sogo um Herraud og Bose.

Guddomen Vaar raadde for lovnaden millom mann og kvende, segjer Snorre. Ho høyrer det og tek hemn yvir deim som bryt lovnaden. Kvæde Haustlong talar um bogestrengen si Vaar. Elles er ho lite kjend. Av same roti er orde væringar (dei som lova truskap til framande fyrstar).

32. Skjell, skrell; same roti i skilling (som tykkjest vera komi fraa angelsaksane, daa nordmennane inkje hadde heimlege myntar i heidne tidi). Skjell-aa, elvenamn. „Han fekk skjell for skillingar,“ segjer dei endaa i Evje, Set.

Heimfesting og alder. Fleire ting peikar mot Aust-Norig (Agdir—Trondheim): „Skjell for skillingar“, toppen paa hovude, „typpe“ (Set.), segn (Tel.), brureskatt (Tel., Tynns. Trondh .), gullhyrnde kyr (Vald., Gudbr.), Trym (austl.), kraas (Orkd), aalsvarte kyr (Selbu), 8-tale (serleg" austl. og Trondheim).[19] Same heimstad som Rigst. Trymskv; hev ogso elles mange likskapar med denne: 14—15 same ord og vendingar, 8-tale, skildring av syslur og stell, mat og drykk, dyr, kvendebunad, greid stutt forteljingsmaate med faste uppatt-tak. Um baae songane er av same mannen, lyt det formfaste Trymskv. vera yngst, etter S. Bugge og Mogk fraa ikr. 900, etter F. Jonsson snaudt eldre enn 875, etter M. Moe kanskje noko eldre. — Mogk slær frampaa at det kan ha vori eit eldre norskt kvæde som baade Trymskv. og Torekalls-visa hev havt til grunn. — (Sjaa I. M. „Den 17de Mai“ nr. I—B 1905).


„Listen har — — lyckats och hammaren kommit åter i sin ratte egares händer.“ Men det var einast „genom den lömske og listige Lokes hjalp. Utan dennes beredvilliga medvärkan hade ju gudarna i själfva varket varit värnlosa och jättarna snart fått fritt husera i Åsgård. Kanske ar det så, att det ej blott är Tor, som er utklädd, utan hela detta dråpliga kväde en forklädd klagan? Djupare sedt ar det ju nämligen ej allenast ’asasalen’ som båfvar, nar Freyja blir vred, utan hela asavärlden. Det ar ej längre gudarnas fader Oden, utan lägnens fader, den lömske Loke, som år den egentlige härskaren i Valhall. Det år han, som så ytterligt tjänstaktigt flyger til jåtteverlden — for at taga reda på hammaren, det är han, som genom att slå blå dunster i ansigtet på sin ej så vidare klyftige frände Trym i elfte timman räddar gudarna, — det er med andra ord han, som redan ’sitter ved styret’ och haller tyglarne i sina hånder. Och dårfor år det vål ej blott Freyjas sal, utan hela Åsgård, som bäfvar.“[20]

Torekall.[21]

 
1.
Torekall kom seg av skogen heim,
trøytte var han og mode;
tjuvann hev stoli burt hamaren hans,
han visste kje kven det gjorde.
Torekall tøymer no folen sin med taumom.

<poem>

2. („Høyr du Lòkje Lauvøy, leigedrengen min: du skal fljuge alt land umkring og leite upp hamaren min.“)

3. Det var Lòkje Lauvøj, tok aat sinom veng’e. flaug han seg so høgt i sky, nære flaug han sin spreng’e.

4. Daa han kom seg aat Gremmeli gard stod Gremmil og rørde uti elde: „Kva er tist uti Aasgarden. no Lòkjen er ute um kvelde?

5. Kva er tidend fraa Aasgarden og fraa dine londom? laupand kjem du med slik fjett som du var jaga med stongom.“

6. „Tidendir er fraa Aasgarden. vonde og inge gode: Torekall hev sin hamar mist. han visste kje kven det gjorde.

7. (Høyre du gamle Gremmil, kva eg segjer deg: Hev du Torekalls hamar teki, du dyl han inkje for meg.“

8. „Eg hev no hans hamar teki. eg dyl inkje honom eit ord: aatte alnir og nie famnar eg hev gravi han ned i jord.

9. Inkje fær han av hamaren sin, mindre han fær det med saatte[22] mindre han fløt og fører her heim den yngste systri han aatte.“ <poem> 10. Lòkjen han tok aat vengen sin, nære flaug han sin spreng’e, kom han seg aat Aasgarden, fyrr Torekall gjeng aat senge.

11. „Grimmen hev din hamar teki, han dyl inkje honom eit ord: aatte alnir og nie famnar han hev gravi han ned i jord.

12. Inkje lær du av hamaren din, mindre du fær det med saatte, mindre du fløt og fører heim den yngsle systri du aatte.“

12. Det var fruga Valborg, ho vart so ille ved ord; henne dreiv blode av vorden sin,[23] ho svartna rett som ei jord.

14 „No vilja me taka ’n Torekall, vel vilja me bysste hans håar, klæde paa honom brureklæde og føre ’n aat Gremmeli-gaard.“

15. Dei toko deira veslare brur og hennar haare bysste, so snare daa voro dei brure-pikur dei klædde paa bruri fyrste.

16. Inn kom grimme jutulen og saag paa Valborg-skara: „Hente meg hit mine beste klæde og late meg fagran varda.“

17. Oksekroppen so aat ho upp og tvo punds kjêl med kaal, alle dei brød som baka var og femtan skjeppur med sod. <poem> 18. Femtan spike-laksar aat ho upp og nokre andre smaa fiskar, dette var bruri hennar beste spise, fyrr ho lengta etter drikke.

19. „Eg gjere no baade skjek og skjelv, eg gjet inkje drikke av hornom; du gjeve meg no drikke av boll-staiupom og føre so hit med stongom.“

20. Til svara grimme jutulen heime uti si norn velde. „Eg aldri hev sét nokor veslare brur hev eti meir uni kvelde.“

21. (Svara Lòkjen leigemann han smilte under skinn: „Ho hev inkje eti i aatte dagar, so hev ho lengta til din.“

22. Det var gamle Gremmil, han gleddest ved det ord, snart kom Torekalls hamar fram, vart lagd paa brure-bord.

23. Aatte voro dei smaatrolli som baaro den hamaren inn, bruri tek ’n med eine handi og sting ’n under sitt skinn.

24. Og det var unge bruri, spring ho so lett yvir bord, slo ho den grimme jutulen, so han datt daud til jord.

25. Og det var unge bruri, spring ho bergi ikring, slo ho dei andre smaatrolli, so dei laag alle i ein ring.)


  1. Hedna, hovud
  2. Mar, hest
  3. Beiler, orkar.
  4. Indra hev sameleis jordi til mor og køyrer i ei vogn; i eldre tid trudde dei i India at bukkar drog vogni (meiner O. Montelius), i seinare tid hestar, som fekk liv att um dei vart slagta og uppétne. sameleis som bukkane til Tor.
  5. Her er Tor sett inn i staden for Jupiter.
  6. Forvending av reidar truma (vogndùn) toresmell.
  7. 13 stadir paa austlande, 3 paa vestlande, 1 paa sorlande, 1 i Trondheim.
  8. Avskildra paa runesteinar. — Hamarteikne finn ein og paa gamle greske myntar. Paa bilæte av Zevs gjeng hamar eller øks yvir til ljonstraale.
  9. Kva som er eldst, anten den irske sogo um harpa eller den norske um hamaren, er vel uvisst.
  10. Fraa seinare tid maa daa Frøy og Frøya vera, som berre vert nemnde etter faren. Men Tor vert ofte nemnd med morsnamne.
  11. Fljugande er og Volund, sml. visune um riddaren i ørneham, Germand Gladensvend o. fl.
  12. Roti trur sume finst i namn: Vanse (Vanesyn, av Vanis vin?), Vansheim (Romsd.), Vanelven, Vanve (Nordl.) . I Sverige: Vansjø, Vanssta, sjøn Vænir. I folkenamni vandalar, i ven (fager), sml. lat. Venus.
  13. „Nerthus er samme navn som oldn. Njørðr, der forudsætter urgerm. Nerthus. En kvindelig guddom, der er søster (og ægtefælle) til N., ligesom Frey har søsteren Freya, antydes en enkelt gang i et eddakvad. Enten har der oprindelig været dobbeltskikkelser, eller der har fundet en forskydning sted fra kvindeligt væsen til mandligt.“ (A. Olrik).
  14. Namne kong Trym paa Agdir er vel berre uppkallingspamn (Tromme- stad. Truma).
  15. 2 x 8 = 16 huldreflettur hadde ei gjente i Elvardalen.
  16. 4 var Hermes og Herakles og jonane sitt tal, 3 brukte dorane og rom- arane.
  17. Sjaa ogso Gautieks saga kap. 6.
  18. Orde, bruðfé, finst berre her.
  19. „Belle“ er kanskje og eit serlegt Trondheims-ord.
  20. Karl Ljungstedt: Eddan.
  21. Denne visa vart funni i Valdres. Handskrifti er paa hallingmaal fraa det 18de aarh. Visa er vonleg dikta i det 15de aarh., kanskje av ein fjording eller sunnmøring, og yvirsett paa svensk og dansk (derifraa dei versi som er innklombra). Her er visa noko uppattstelt (det meste etter tilleidingar fraa S. Bugge og M. Moe, som hev gjevi ho ut). Trymlur paa Island (ikring 1400) umhandlar same emne. Det er fleire meiningar, um anten visa er eldre eller yngre enn Trymlur.
  22. Med mitt samtykke.
  23. Blode fór burt fraa andlite hennar


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.