Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i Vermland, sa eg høyrde endaa sume Feleslattir og saag sama Dansar der som i vaare Fjøllbygdar, berre med den Skilnaden, at den svenske Flikka skaut upp under Enden paa Guten sin med høgre handi, for at gjeva honom Fart, daa han gjorde Slengekastet og studde seg paa Gjentas vinstre Hand. Gjenturne vaare reila og slengja berre som til Stas i Dansen med si høgre Hand og lata Guten med si eigi Magt slengja so haagt og godt, han kann. Den svenske Flikka er meir hjelpsam med Guten sin; ho puffade med Loven so etter paa honom, at det var, so det small. Men desse gamle Dansarne og Slaattirne verda meir og meir aflagde der som her, ja endaa Polskdansen verdt aflagd liksom paa vaare Flatbygdar, so det berre er Polka og Francaise og slike fine og forneme Dansar, som brukast.

Jonsok-Kvelden er ein Haagtidskveld i Sverike. Det er den gamle Midsumarsfest til Baldur, Ljosets Gud, daa Soli stod hægst paa Himilen[1], som liver lenger i Sverike enn her, daa her hjaa os snart inkje er atter af Jonsokvaken. Verket, som eg var paa, hadde reist upp ei Jonsok-Stong ikringbundi med Blomefletningar, og so slegit upp ein Dansetramm. Der kom Folk fraa Bygdarne vidt ikring og endaa innantil fraa Noreg inn mot Riksgrensa. Der vardt dansat og drukkit heile Notti og langt ut paa andre Dagen, og eg maa segja det, at eg fann Folkemugen og Dansalyden so fin og folkelig og hjartevarm, og so lik os i Tale og Atferd, at eg der under den samaljosa Midnottshimlen, med dei kjende norske Feletonar for Øyro mine og i all den godslege og læande Folkemengd ikring maatte finna det eit sannt Brødradrap, naar me og dei førde Krig. Eg kjende paa meg, at det var umoglegt, at slikt Vanvit oftare kunde koma paa desse Skyldfolk, som hava sama Tungemaal,

og sama Strid met den lange Vetren for at faa

  1. Mange tyde Navnet paa Tidi fraa Vaaraanni til Slaataanni, som kallast Haaballen (og Hobalen og Hobbalen) med, den haage Baldurs Tid.