Side:Rikets tilstand 04.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vart behandla av Stortinget i mai 2004. I meldinga blir det drege opp ein strategi for sikrare energiforsyning.

Elektrisitetsforsyninga var i 2003 prega av svikten i tilsiget til norske og svenske vassmagasin hausten 2002, og kraftprisane låg på eit høgare nivå enn det som har vore vanleg dei siste åra.

Både produksjonen og forbruket av elektrisitet i 2003 vart lågare enn gjennomsnittet for dei seinare åra. Samla var elektrisitetsproduksjonen 107 TWh, medan elektrisitetsforbruket var 115 TWh. Det siste året er det gitt konsesjon for vasskraftprosjekt med ein gjennomsnittleg årsproduksjon som svarer til om lag 0,5 TWh. Enova, som har ansvaret for det arbeidet staten gjer for å få til ei omlegging av energibruk og energiproduksjon, har i 2003 inngått avtaler med eit samla kontraktfesta energiresultat på om lag 1,8 TWh.

I august i år la Regjeringa fram ei ny gassmelding for Stortinget. I meldinga er det mellom anna greidd ut om det er mogleg å auke bruken av gass innanlands, og ho dreg opp rammene for arbeidet med å opprette ein sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet.

Regjeringa la fram ein stortingsproposisjon om supplering av Verneplan for vassdrag i juni 2004. I proposisjonen foreslår Regjeringa å verne ytterlegare 52 vassdrag mot kraftutbygging, som svarer til eit utbyggingspotensial på om lag 7,3 TWh per år. Med forslaget frå Regjeringa vil den samla verneplanen for vassdrag omfatte over 390 vassdrag med eit kraftpotensial på om lag 43,5 TWh per år.

Bygging av nye fregattar er det største investeringsprosjektet i Forsvaret for tida, og den første fregatten av Fridtjof Nansen-klassa vart i samsvar med planen sjøsett i Spania i mai i år.

Med verknad frå 1. januar 2004 vart den nye institusjonen Innovasjon Noreg oppretta, basert på verkemidla i det tidlegare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, Norges Eksportråd, Norges Turistråd og Statens rettleiingskontor for oppfinnarar.

I 2003 vart 3 524 prosjektsøknader med eit samla budsjett på 5,6 mrd. kroner godkjende innanfor SkatteFUNN-ordninga. Skattefrådraget for prosjekta er rekna til 1 659 mill. kroner, som er om lag 1 mrd. kroner meir enn året før.

Som eit ledd i oppfølginga av regjeringsplanen for ein heilskapleg innovasjonspolitikk la Regjeringa i mai 2004 fram ein strategiplan for entreprenørskap i utdanninga.

Regjeringa har prioritert arbeidet med forenkling og tilrettelegging for næringslivet. Ein tilstandsrapport for eit enklare Noreg, som vart lagd fram i november 2003, viste god framgang for dei aller fleste av tiltaka.

Som eit bidrag til å redusere skjemaveldet har Regjeringa lagt vekt på arbeidet med å samordne elektronisk innrapportering. Altinn-løysinga vart sett i drift våren 2004.

Regjeringa følgjer opp eNoreg 2005 og har lagt fram ein ny tilstandsrapport om utviklinga av informasjonssamfunnet. Det blir i særleg grad lagt vekt på å følgje opp arbeidet med IT i offentleg sektor.

Regjeringa har i samarbeid med marknadsaktørane sett i gang arbeidet med å leggje forholda til rette for allmenn bruk av elektronisk signatur.

I april 2004 la Regjeringa fram ei stortingsmelding om skipsfart.

Om lag 150&nbspM000 personar er sysselsette i reiselivsnæringane, og næringa står for om lag 4,4 pst. av BNP. I 2003 var det 23,5 mill. gjestedøgn på dei kommersielle over nattingsstadene, som var ein nedgang på 2 pst. i forhold til året før. Dei første fem månadene i 2004 viste ein auke i hotellover nattingar på 4 pst. i forhold til tilsvarande periode i 2003.

Regjeringa har lagt fram ein proposisjon som omhandlar strategi, kapitalisering og organisering av Statkraft.

Nærings- og handelsdepartementet overtok forvaltninga av eigardelane som staten har i det nye selskapet DnBNOR, 30. mars 2004.

Staten selde i mars 2004 om lag 171 mill. aksjar i Telenor til ein samla verdi av over 8,3 mrd. kroner. Staten eig no 53,1 pst. av aksjane i Telenor ASA og likviditeten i aksjen har auka.

I 2003 vart 280 personar drepne i vegtrafikken. Det er 30 færre omkomne enn i 2002. I 2003 omkom 5 personar i jernbane- og tunnelbaneulykker og 4 personar i luftfartsulykker. Regjeringa legg i det langsiktige sikringsarbeidet i alle transportsektorar til grunn ein visjon om at det ikkje