Side:Rikets tilstand 04.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

støtte oppbygginga av det afghanske sivile politiet og eit regionalt gjenoppbyggingsteam. Vidare har Noreg teke del i den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken, ISAF. Regjeringa har også gitt omfattande støtte til overgangsregjeringa og auka bistanden til den meir langsiktige gjenoppbygginga. Samtidig blir det framleis gitt humanitær hjelp.

Hovudrådet i Verdshandelsorganisasjonen, WTO, vedtok 31. juli 2004 rammeverket for vidare forhandlingar om mellom anna landbruk og industrivarer, medrekna fisk. Regjeringa vil arbeide aktivt for å sikre viktige nasjonale interesser i dei vidare forhandlingsrundane. Målet er å styrkje det internasjonale handelssystemet og sikre meir rettferdige handelsvilkår.

Regjeringa har i 2004 prioritert høgt oppfølginga av FN-toppmøtet i Jonhannesburg om berekraftig utvikling, og har også arbeidd aktivt internasjonalt for å oppfylle FNs tusenårsmål. Den norske formanskapen i FN-kommisjonen for bærekraftig utvikling førte til ei revitalisering av kommisjonen.

Regjeringa har engasjert seg aktivt mot utsleppa av TC-99 frå Sellafield. Britiske styresmakter har gitt løyve til ny reinsemetode som vil redusere utsleppa med over 99 pst.

Den økonomiske politikken til Regjeringa er basert på retningslinjene for ei gradvis og varig innfasing av oljeinntektene i økonomien. Den økonomiske politikken skal samtidig føre til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. I tråd med dette la Regjeringa i mai fram eit revidert budsjett for 2004. Behandlinga i Stortinget medførte ein auke i bruken av oljeinntekter på 700 mill. kroner i forhold til framlegget frå Regjeringa.

Styringsrenta til Noregs Bank er pr. 1. september 2004 1,75 pst. Det er 1,25 pst. lågare enn på same tid i fjor. Sidan desember 2002 er renta vorten redusert 10 gonger.

Kronekursen har gått monaleg ned det siste halvtanna året. Målt med den effektive valutakursen i industrien var krona i september 11 pst. svakare enn i desember 2002. Styrkinga av valutakursen som fann stad i 2002, er dermed reversert.

Det er teikn til betring i arbeidsmarknaden. Etter ein nedgang i første halvår 2003 var sysselsetjinga relativt stabil fram til 1. kvartal i år, medan ho sidan har auka noko. Talet på arbeidsledige har gått ned sidan i fjor sommar. Ved utgangen av august var det registert 97 900 heilt ledige, noko som er 3 900 færre enn på same tid i fjor.

Deltakinga i arbeidslivet i Noreg er blant dei høgaste i verda. I fjor var 72,9 pst. av befolkninga mellom 16 og 74 år i arbeid eller søkte arbeid. Deltakinga i arbeidslivet i andre kvartal i år var likevel noko lågare enn i same kvartal i 2003.

Regjeringa la i mars fram ei stortingsmelding med framlegg til skattereform. Reforma vil gi eit betre og meir rettferdig skattesystem som vil bidra til auka verdiskaping.

Stortinget behandla i juni 2004 framlegget frå Regjeringa til vidare modernisering av Forsvaret i perioden 2005–2008. Det er sett nye og krevjande mål for moderniseringa, som mellom anna skal sikre at overføringa av ressursar frå støtteverksemd til operativ verksemd skal halde fram.

Regjeringa har fremja ei stortingsmelding om ytringsfridom. Regjeringa gikk mellom anna inn for å oppheve forbodet mot politisk reklame i fjernsyn, avgrense det strafferettslege ansvaret for ærekrenkingar og styrkje ytringsfridommen til dei tilsette. Regjeringa meinte dessutan at innsynsprinsippet burde grunnlovfestast.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken, som vart behandla av Stortinget i juni 2004. Her går det fram at ein i bustadpolitikken framover vil leggje vekt på tiltak som skal gi ein velfungerande bustadmarknad, reduserte byggjekostnader, fleire bustader til vanskelegstilte og fleire tilgjengelege og miljøvennlege bustader. Husbanken skal framleis vere ein bank for dei breie gruppene som skal etablere seg på bustadmarknaden.

Regjeringa har lagt fram ein plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk, der målsetjinga er at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda.

Regjeringa la våren 2004 fram stortingsmeldinga Nasjonal transportplan 2006–2015. Politiske hovudprioriteringar er tryggare vegtrafikk, meir miljøvennleg bytransport, at det skal bli lettare å komme fram i og mellom regionar, eit meir effek-