Side:Rikets tilstand 03.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Melding frå Kongen til Stortinget
om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Regjeringa har også i år teke aktivt del i den internasjonale kampen mot internasjonal terrorisme og i arbeidet for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Noreg har som ledd i den breie internasjonale koalisjonen mot terrorisme gjort bruk av både politiske, økonomiske, juridiske og militære verkemiddel. Høgnivåkonferansen, som nyleg vart halden i New York, og som Noreg tok initiativet til, viste at ein også rettar søkjelyset mot dei underliggjande årsakene til terrorisme.

Regjeringa har gitt høg prioritet til utviklingssamarbeidet i tråd med handlingsplanen for kampen mot fattigdom i sør. Regjeringa har arbeidd aktivt internasjonalt for å verkeleggjere FNs tusenårsmål. I 2003 er bistanden fastsett til 0,93 pst. av forventa bruttonasjonalinntekt. Regjeringa la i januar fram ein strategi for satsing på utdanning i bistanden. Bistanden til helse og hiv/aids er ført vidare på høgt nivå. Eit arbeid er sett i gang for å klargjere korleis norsk politikk på ulike område påverkar fattige land. Ein har gått igjennom forvaltninga av norsk utviklingshjelp med sikte på modernisering og effektivisering.

Regjeringa har ført ein aktiv europapolitikk for å ivareta norske interesser i eit utvida EU og EØS. Ein er blitt samd med EU om vilkåra for å utvide EØS til også å omfatte dei nye medlemslanda i EU. Noreg vil vidareføre og auke det økonomiske bidraget for å sikre at skilnadene i velferda i eit utvida EØS blir utjamna. Den europapolitiske plattforma til Regjeringa er følgd opp for å betre informasjonen om og bidra til ein brei debatt om EU- og EØS-spørsmål her heime.

FN-toppmøtet for berekraftig utvikling i Johannesburg sette fokus på samanhengen mellom dårleg miljø og global fattigdom. Regjeringa har i 2003 gitt høg prioritet til oppfølginga av toppmøtet, både innanfor utviklingssamarbeidet og i internasjonale forhandlingar om miljø og berekraftig utvikling. Eit resultat av innsatsen er at Noreg har fått formannsvervet i FN-kommisjonen for berekraftig utvikling. Gjennom arbeidet med Nasjonal Agenda 21 har Regjeringa førebudd også den norske oppfølginga.

Regjeringa la i mars fram ei stortingsmelding om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i FN der det mellom anna vart skissert korleis ein vil føre vidare prioriteringane frå arbeidet i Rådet.

Hausten 2002 samla Tryggingsrådet seg bak resolusjon 1441 som stadfesta og forsterka FNs årelange og bindande krav overfor Irak. Etter at det oppstod usemje om oppfølginga av resolusjonen og ein koalisjon leidd av USA, okkuperte Irak, har Regjeringa arbeidd for at FN får ei sentral rolle i den internasjonale bistanden og den politiske prosessen fram mot eit demokratisk valt styre i landet. Noreg har i 2003 gitt omfattande humanitær bistand til Irak, mellom anna til minerydding, tiltak for betra vassforsyning og støtte til ei levekårsundersøking i regi av FNs utviklingsprogram. Det norske ingeniørkompaniet, som er knytt opp til den