Side:Nye testamente (1889).djvu/324

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

men og til Rebekka vart slikt sagt, daa ho var med Barn ved Ein, det er Isak, Fader vaar.
11 For daa dei endaa var ufødde og ikkje hadde gjort nokot Godt elder Vondt (fyredi at Guds Naadgjerd etter Utval skulde standa ved Lag, ikkje ved Gjerningar, men ved honom, som kallade),
12 daa vart det sagt til henne: „den Eldste skal tena den Yngste;“
13 liksom det er skrivet: „Jakob elskade eg, men Esau hatade eg.“
14 Kvat skulo me daa segja? Maa tru der daa er Urettferd hjaa Gud? Langt derifraa!
15 For han segjer til Moses: „Eg vil miskunna den, som er miskunnar, og vaarkunna, som eg vaarkunnar.“
16 So stend det daa ikkje til den, som vil, og helder ikkje til den, som renner, men til Gud, som gjerer Miskunn.
17 For Skrifti segjer til Farao: „Just dertil reiste eg deg upp, at eg kunde syna mi Magt paa deg, og at mitt Namn kunde verta kunngjort yver all Jordi.“
18 So miskunnar han daa den, han vil, og forherder den, han vil.
19 Du vil daa segja til meg: Kvi læt han endaa illa? Kven stend daa Viljen hans imot?
20 Men kven er daa du Menneskja, som andordast med Gud? Vil daa Verket segja til Verkaren: Kvi gjorde du meg so?
21 Elder heve Krusmakaren ikkje Vald yver Leiret, so han av same Deigi kann gjera det eine Kjerald til Æra, det andre til Vanæra?
22 Men enn um no Gud, daa han vilde syna sin Vreide og kunngjera si Magt, endaa med stort Langmod tolde dei Breidekjerald, som var lagade til Fortjoning.
23 at han og kunde kunngjera sin rike Herlegdom paa dei Miskunnkjerald, som han fyrr hadde lagat til Herlegdom?
24 og til slike kallade han og oss, ikkje berre av Jødar, men og av Heidningar;
25 som han og segjer hjaa Hoseas: „Eg vil kalla det mitt Folk, som ikkje var mitt Folk, og henne den Elskade, som ikkje var elskad;
26 og det skal henda paa den Staden, der det var sagt til deim: de ero ikkje mitt Folk, der skulo dei verta kallade den livande Guds Born.“
27 Og Esaias ropar ut yver Israel: „Um Talet paa Israels Born er som Havsens Sand, so skal daa berre Leivninger verta frelst;
28 for sitt Ord fullfører han og gjerer det snøgt av i