Side:Nye testamente (1889).djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


10 Og han sende og leet halshogga Johannes i Fangehuset.
11 Og Hovudet hans vart boret paa eit Fat og gjevet Gjenta, og ho bar det til Moder si.
12 Og Læresveinarne hans kom og tok Likamen og jordade honom; og dei kom og fortalde Jesus det.
13 Og daa Jesus høyrde det, drog han feg undan i ein Baat derifraa avsides til ein ubygd Stad; og daa Folket høyrde det, fylgde dei honom landveges ifraa Byom.
14 Og daa Jesus steig ut, saag han myket Folk, og han ynkadest yver deim, og han lækte dei Sjuke imillom deim.
15 Men daa det var Kveld, kom Læresveinarne hans til honom og sagde: „Staden er ubygd og langt lid det paa Dagen; lat Folket fara, so dei kunna ganga til Landsbyarne og kaupa seg Mat."
16 Men Jesus sagde til deim : „Det trengst ikkje, at dei ganga; give de deim aa eta."
17 Men dei segja til honom : „Her have me ikkje meir enn fem Braud og tvo Fiskar."
18 Men han sagde: „Hente meg deim hit!"
19 Og han baud Folket setja seg ned paa Graset og tok dei fem Braudi og dei tvo Fiskarne, saag upp mot Himmelen og velsignade deim og braut deim og gav Læresveinom Braudi; men Læresveinarne gav deim til Folket.
20 Og dei aat alle og vart mette; og der vart atter av Smulom tolv Korger fulle.
21 Men dei, som hadde etet, var umkring fem tusund Mann, umfram Kvinnor og Born.
2 Og straks nøydde Jesus Læresveinarne sine til aa stiga i Baaten og fara i Fyrevegen yver paa andre Sida, til dess han fell Folket avstad.
23 Og daa han hadde fenget Folket avstad, gjekk han uppaa Berget avsides til aa beda; men daa det vart Kveld, var han der aaleine.
24 Men Baaten var alt midt paa Sjøen og msddest med Baar om, avdi dei hadde Andvind.
25 Men i den fjorde Nattevakti kom Jesus til deim gangande paa Vatnet.
26 Og da Læresveinarne saag honom gangande paa Vatnet, vart dei skræmde og sagde, at det var ei Skrymsla, og dei skreik av Redsla.
27 Men Jesus talade strakst til deim og sagde: „Vere frihugade, det er eg, vcere ikkje rædde!"
28 Men Petrus svarade honom og sagde: „Herre, er det du, so byd meg koma til deg paa Vatnet!"
29 Men han sagde: „Kom!" Daa steig Petrus ned utor Baaten og gjett paa Vatnet og vilde ganga til Jesus.
30 Men daa han saag den sterke Vinden, vart han rædd;