Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest



Engel. Det maa vera ein Engel, som skal ganga ulastad. (El. lastfri).

Enkja. Ei Enkja veit meir en ei Gjenta.
Ei rik Enkja slepp aa syrgja lenge.
Den som fær ei Enkja, han fær nokot aa tenkja; den som fær ei Taus, han er ankelaus. (Berg.). Svensk Den som tar en enkja, han får bord och bänkja och mycket pä tänkia. (Grubb 11, 22) Lignende i Dansk V. Syv, ll, 140).

Eple. Eplet fell ikkje langt ifraa Roti. (El. Treet). Eplet dett ikkje av, fyrr det er fullmoget. Dei største Epli er ikkje alltid dei beste. Væne Eple kunna og vera sure.

erta. Det vil mange erta den, som illvoren er,
Ein kann erta ein god Hund, til han og vil bita.
D’er illt aa ertast med Bjørnen. (Han skynar ikkje Skjemt).

erva. Det veit ingen, kven annan skal erva. (Det gjeld um, kven som liver lengst).
Den som erver minst, kann eingong verda rikaste.

eta. Ein skal eta, so ein liver, men ikkje liva berre syre Etingi.
Ein skal eta etter Losten og drikka etter Torsten.
Den som vil eta, skal stræva. (El. arbeida). — Bil du eta med Lyst, skal du stræva syrst. (Vald.).
Mange vil eta og ikkje stræva; sidan faa dei stræva og ikkje eta. Vald. (Vang’s Optegnelser).
Han et’ myket, som litet fær. (Han et upp altsaman).
Den som et’ med Skrubben, fær bida med honom og. (Efter ei stort Maaltid faar man vente lenge paa et nyt).
Den som et’ lengst, han liver lengst. (Nhl.).
Den som ikkje et’ seg mett, han sleikjer seg ikkje mett.
Ein et’ seg ikkje meir en mett, um ein er rik.
D’er Skam aa eta myket og leiva litet. (Nogle Steder: D’er større Skam aa leiva litet).
D’er stygt aa eta meir, en ein melter.
Den som heve etet seg sjuk, fær fasta seg frist.
Eta med Presten og drikka med Hesten, det høver ikkje. (Om at faa god Mad, men kun Vand til at drikke). Hall.