Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Berg. Di høgre Berg, di fleire Bakkar.
D’er tryggare aa sitja paa Berget en i Baaten.
Berg er godt aa byggja paa (men ikkje aa saa paa).
Burtanfyre Berget bur og Folk (Tydsk: Hinter dem Berge wohen auch Leute).
D’er aldri so langt millom Bergom, at ikkje Trolli sinnast. (Ogsaa Svensk).
best. Det er ikkje alltid best, som dei rosa mest.
D’er best, som best er. (= Best aa hava det beste).
Det beste er godt nog. (Stundom med tillægg: — naar ein berre kann saa det. El. naar det ikkje stortar).
Naar det beste er burte, er det andre litet vyrdt.
Naar det beste kjem, maa det andre gode vika.
Det beste vilja alle hava. — Det vil dei fleste hava det beste, og ingen det verste.
Sjaa paa dei beste, og ikkje paa dei fleste.
bida. Den som ikkje kann bida, fær ymist lida.
D’er leidt aa bida lenge etter litet. — Lenge bida, og litet faa, er laakt aa ganga paa.
Han fær bida, som bunden er.
Den som bidar, fær eingang Byr. — Bidande fær Byr, og braad fær Androd. G. N. Bidendr eigu byr, en brádir andróda.
Det fær vel, at ein bidar, naar ein fær nokot godt sidar. (Eller: sidan). Efter Udtalen. „Dæ fær væl ein bida, naa’ ein fæ’ noke sida““. Sdm.
Den som bidar som Hunden, han et’ som Hunden. (ɔ: Jo længere maa venter paa Mad, desmere maa æder).
Lang Biding er ingi Matardrygjing. El. Lenge bida er ingi Matardrygja. (Berg.). Tydsk— Lange hugern ist kein Brot svaren.
bidja. D’er leidt aa bidja lenge um litet.
Han lyt sjølv bidja, som inkje Tilbod scer. — Me faa sjølve bidja, naar ingen byd oss nokot.
D’er betre bidja en stela.
D’er stygt aa bidja andre, naar ein kann berga seg sjølv.
Bit (i’). D’er kleent Bit, som ikkje fester paa Fingren.
Den som fæst med Bit, verd alltid bitut.