Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/145

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

det hadde sona ned Vreiden hans for all Tid, naar ein berre nytta ut dette Blote paa rette Maaten. Eit heilt fullkomi Menneskje som het Kristus, og som dertil var noko meir enn Menneskje, ein Halvgud eller eitkvart slikt, hadde av sin eigin frie Vilje lati seg ofre, og det ved Krossfesting, for Syndine vaare, for alle Syndine vaare. So sant no me paa rette Maaten eigna til oss dette Soningsverke hans, døyvde me Gudsvreiden og fekk Naade i Staden.

Jesu Krav: synda ikkje meri! ― skyna Heidningheimen ikkje. Syndi laut faa Róm; og ho fekk Róm. Daa Syndi ikkje kunde døy, laut Lovi døy; og dette var det store Fagnadbòde som Kyrkja etter Paulus bar fram: ved Kristus var Lovi avteki, Guds strenge Krav til oss galdt ikkje lenger. Det galdt berre aa tru. Og so lìva so gudelegt som ein kunde. Synda ein, so fekk ein gjenom Kyrkja ― av den Krist Forteneste som ha hadde Raaderetten yvi ― for Anger og ei lempeleg Bot Tilgjeving.

Kristindomen vart ei rimeleg Lære som alle kunde vera med paa. I Staden for Fagnadbòde for dei fatige kom Fagnadbòde for Syndarar: ein kunde njote det gode i si Livstid og endaa sleppe lett gjenom Sikringselden i Hades. Og i Staden for aa elske Næsten kunde ein forfylgje deim som ikkje trudde rett; det var i Grunnen vel so mykje um-aa-