Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/129

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

det aleksandrinske Visdomsmaale sjølv; naar han daa skal upp i Logos-Høgdine, vert det ikkje onnor Raad enn aa lata ’n tala i Gaatemaal. „Ego eimi“ (eg er[1]), segjer Jesus; og dette skynar ikkje „Jødane“.

Med alt dette hev det vori Meiningi aa faa med so mykje av den Jesus som Johannes forkynte, at Boki etter Tenkjemaaten i dei Tidir kunde faa Rett til aa føre Johannes-Namne. Og ymist er komi med som maa vera etter Apostelen. Men det og er ofte uppblanda med Tankar fraa seinare Tid.

Jesus er „Messias, det er utlagt Kristus“ (1: 42; 3: 28; 4: 25, 26). Han kallar seg Menneskjesonen, og Menneskje (8: 40); han vert og ein Stad kalla Jøde (4: 9). Det er Faderen som hev sendt honom (7: 29 o. fl. St.). Han talar ikkje av seg sjølv, men segjer det Faderen hev bòdi honom aa segja (12: 49 o. fl. St.); dette turvte han elles hjaa dei tri fysste ikkje halde serskilt fram. Til „den einaste sanne Gud“ bed han (17: 3). Han er Josefs Son fraa Nasaret (1: 46; 6: 42) og hev kjøtelege Brørar (7: 5). Han vert jamvel etter den gamle Messiaslæra kalla Guds Son (9: 35, 37; 10: 36) og Israels Konge (1:

  1. Det læt seg umsetja som i Testamente med: „eg er han.“