Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/115

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

sjølv“; han hev ikkje komi til aa tenkje paa kor rart det maatte sjaa ut, at den uppstadne skulde ha gjort seg so mykje fyri med Lik-Klædi. „Den andre“ kjem sist inn i Gravi; men han er den fysste som „saag og trudde“ (kva han saag og kva han trudde er ikkje nemnt); „for“, legg Forteljaren til med sin serskilde Provføringskunst, „dei skyna endaa ikkje Skrifti, at han skulde stande upp fra dei daude“. Berre Skrifti vert her nemnt, og ikkje det som Jesus skal ha „sagt i Galilæa“; nokor Tilvisning til det gamle Testamente um Uppstòdo hev Kyrkjebibelen ikkje.

Læresveinane gjeng. Men Maria Magdalena glytter inn i Gravi og ser der „tvo Englar i kvite Klæde“, som maa vera komne nett som Sveinane gjekk ut or Gravi. Desse Englane hev elles ikkje stort aa gjera. Dei spỳrr kvi ho græt; daa ho hev svara paa det, snur ho sseg og ser ein som ho tek for Hagemeistaren; og Englane vert ikkje nemnde meir. Den miskjende Hagemeistaren segjer upp att det som Englane hev sagt og legg til: kven leitar du etter? Ho svarar paa det; han segjer „Maria“; daa „vende ho seg og sagde til honom: Rabbuni! Det er utlagt Meistar.“ Meistaren forbyd henne aa røre ved seg (motsett Lk. 24: 39 og Joh. 20: 27), og gjev for dette ein merkeleg Grunn: „eg er enno ikkje farin upp til Fader