Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/107

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

skal Jesus „idag vera i Paradis“); sistpaa segjer han: „Fader, i dine Hnder yvigjev eg min Ande“ (smf. Salm. 31: 6); han hev ingin Draum um, at han enno i 40 Dagar skal vera paa Jordi (Apg. 1: 3). Johannesboki hev fire Ord. Dei tvo fysste gjeld Læresveienen Johannes (som denne Sogo held serleg fram, til eit Vitnemaal um at han ikkje sjølv kann vera Upphave til ho som ho no er); tridje Orde, „eg er tyrst“, er vel innkomi etter Salm. 69: 22 (smf. Mt. 27: 48); sistpaa segjer Jesus: „det er fullenda“; han synest ikkje hugse Faderen i si siste Stund. Av alle dei 7 eller 8 „Ordi paa Krossen“ er der berre eitt som finst i so mykje som tvo av Sogune (Mt. 27: 46 og Mk. 15: 34).

Ingin Stad i den fire Gongir fortalde Lidingssogo finst der noko um at Jesus døyr „for oss“, eller „til Soning for Syndi“. Han gjeng burt „etter det Orde som er skrivi um honom“ (Mt. 26: 24; Mk. 14: 21); etter det som er fyriskipa“ Lk. 22: 22; smf. Apg. 2: 23 (det er vel Es. 53: 8 som er tenkt paa hjaa dei tri fysste); av di han „hev fullført den Gjerningi som Faderen hev gjevi honom aa gjera“ (Joh. 17: 4); meir hev ikkje Jesus-Sogune aa segja i Saki. Jesu eigi Meining um Krossfestingi ser me av det han sagde til Draapsmennane sine (Lk. 22: 53): „dette er dekons Time og den Magti som Myrkre eig.“ ―