Side:Garborg - Haugtussa.djvu/64

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Sulilu! Aa du sæle Sùmar
med Sol i Bakke og Bròt.
Daa søv eg i Lyngen min beste Blund
og vaknar utan Graat.
— Tsju . . . . . . .

D’ER KJE GREIDT


Aa Stakkar kor du kulsar, du snilde Smalen min,
i dette Ruske-Regne og denne vaate Vind!
Der under Alve-Steinen, der er ei Livdekraa;
der fær du inn-aat kryle og prøve um du maa

Lindring faa.


Men Kui ho vil heim att; det er so stridt eit Jag;
ho hev kje Fred i Marki paa slik ein Regnvêrsdag.
Men tomt det er i Lødo; kva skal me gjera der?
Me fær no heller stogge og freiste um me fær

noko her.


Attunder Rundehaugen, der er kje fullt so stridt;
der fær me trøyte Tidi, du gode Bùje mitt!