Side:Garborg - Haugtussa.djvu/205

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Ho stend som sprengd av Synd og Skam.
Daa stig det stilt ein Skapnad fram
meir kvit enn alle Fennar.
Rik fell den ljose Kaapa ned.
Veslemøy sig med Rop i Kne.
Fram gjev ho rædde Hendar.
No ser ho, allting endar.

«Aa kjære Syster, sæle Møy!
aa hjelp! no maa eg Dauden døy;
eg gav den vonde Magti!
Eg ligg i Synd og Satans Vald.
Han hev paa meg so fast eit Hald.
Eg somna av paa Vakti;
eg svor den vonde Pakti!»

«Vend deg til den som Sol hev Skapt.
Enn er du ikkje reint fortapt,
du arme Syster kjære!
Reis deg med Magt og ut deg rykk;
gjev att, gjev att den Synde-Drykk!
Det store Tòl du lære;
— Du ut er vald til Ære.»