Denne siden er godkjent
Aa tru den Tidi fekk rundt seg snutt,
du Mor!
Eg reknar Time og kvar Minutt,
du Mor!
Aa kunde eg stige med Sjumils-Stig
og sitja ei ørliti Stund hjaa deg,
du mi Mor! —
BLAABÆR-LID
Nei sjaa kor det blaanar her!
No maa me roe oss, Kyra!
Aa nei, slike fine Bær;
og dei som det berre kryr a’!
Nei Maken hev eg kje sét!
Sùmt godt her er daa til Fjells.
No vil eg eta meg mett;
her vil me vera til Kvelds.
Aa nam-nam, so søtt og godt!
Ja naar det slik seg lagar! —
Og allestad blaatt i blaatt!
Her hev eg for mange Dagar.