Side:Garborg - Haugtussa.djvu/113

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

og Sogur gjeng, og dèr tarv ingin fire.
Og Nistematen saman gneg dei paa;
Jon sìt og sìt og gløymer reint aa gaa.

Med Undring høyrer han det store Ord,
at um han Tagnad tru vil ærleg lova,
so er ho sjølv av desse faa paa Jord,
som hev den underfulle Synegaava.
Han gjev si Hand. Av Vyrdnad er han fyllt.
Og alt ho no fortèl. Han er som tryllt.

So lid det til; dei tenkje maa paa Klokka.
Det er alt seint; ho er visst mote sju.
For siste Gong han helsar Sau og Ku
og kjæler kjærleg for den blide «Dokka».
So maa han gaa. Aaleine stend ho der.
— Men Dokka fekk fraa same Stund ho kjær.


PAA GJÆTLEBERG-NUT

Det er som villaste Røys og Urd,
so vidt som Augo kann vinne;
men Gudskjelov! naar eg rett meg snur,
so kann eg Have finne.