Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/98

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

so Blad og Knupp; so Blomar og Frukti. Men alt ihop og kvar serskild Ting so forunderleg gjenomtenkt og gjenomført. Alt ihop og kvar serskild Ting i Former so fine, at ingen Kunstnar kunde finna paa slikt, og med Lìter so utsøkte, at vaare største Maalarar med all sin Teknik og alle sine Fargar ikkje kann gjera det etter. Alt dette fær slik ein Vokster fram av ein Neve med Mold. Og den Moldklumpen reint ut strøymer det fram med Former og Fargar og utenkt Fagerdom. Det er som Blomen hadde Røterne sine i Æveheimen, inne i Guds Skapardraum; slik vell det og strøymer med Liv og Venleik.

Og dette er ikkje noko som hev hotta til og hendt ein Gong i Verdi av eit Horve Høve. Og ikkje berre denne Voksteren hev slumpa til aa faa slik ei Løyndoms Kraft. Kvart Aar hender det, og Millionar Vokstrar kann Kunsten. Og kvar hev sin Maate;