Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Roleg og rein som eit Baan ligg han der under Likblæja. Lite Nauvar det no, um han sleit vondt i niti Aar. Og eg misunner han, at han hev klara den siste Kneiken.

Soleis skal Menneskje døy. Han sovna av ein Gong i Nott, og ingen visste um det. Han hev sjølv ikkje visst um det.

Eg slepp ikkje so lett. For den som ikkje hev levt so, fær heller ikkje døy so. Men det maa koma som det kann. Eg veit, at eg stend det yvi.

Kven vil daa klaga. Alt jamnar seg og vert stillt. «En liden Stunde det varer ved, saa haver min Elende en god Ende,» syng dei her. Vonde var dei med Menneskja, dei som dikta den tunge Draumen um eit anna Liv; og hata gjer eg hin Skalden, som vekte i Verdi denne sjuke Tvil: men hev den Svevnen Draumar?

Eg hev ikkje havt det godt i Verdi, og godt fær eg det ikkje. Men