Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Kor det daa gjeng med Trui?

Den Verdi som er, granskar me ut. Det som du kallar Tru, det hev berre med den Verdi aa gjera som me skal skapa.»

XXXVI.

«Daararne spør, kvifor dei er til, og Dagtjuvarne vil vita Meiningi med Live. Men ingen fær Svar utan den som spør rett; og den spør rett som segjer: korleis skal eg faa Meining i mitt Liv.

Daa svarar den gamle Visdomen — for den nye hev her korkje Spursmaal eller Svar: dette er det Arbeid som er Live verdt og løner Møda med aa leva: at du arbeider fram det nye Menneskje i deg.

I Verdi er du ufri. Verdi er Mannheimen som Naturrike. Det verdslege Menneskje er det høgste Dyr. Men