Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/76

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

me lyfta oss upp til aa vilja Guds Vilje. Og vinn me dette høgste, so fær me alt det me vil. Og det er Livsens Forløysning, at min Vilje vert eitt med Allviljen.

Men mykje er der i den gamle Sjælesyrjarvisdom, som der er Meining i. Bøn, Arbeid, Faste er tri gode gamle Vaapen. Mange vonde Aander er drivne ut med dei. Sjukdom og Synd heng so ihop, at Sælebot vert Helsebot ofte. Ungdomar spør meg stundom um Raad mot den ureine Lyst. Faste, svarar eg; Arbeid, og naar det ikkje er nok, Faste! Eg hev set støde Karar veksa etter det.

Ofte trengst det berre eit sterkt Ord av ein frisk Mann, so gjev Hugsykja seg, og Kruslingen kvìknar. Dette røynde eg tidt. For der er mykje Hugsykje og Hugløyse millom Folke. Og den gamle Lækjekunsten er god for dei, som fyrst og fremst treng Lækjedom paa Viljen.»