Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/62

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Gakk ikkje ifraa meg!
Du skulde vera her,
og vera god med meg;
og eg skulde læra aa elska deg,
og du skulde sitja her,
og fylgja meg
gjenom dei myrke Djuv
fram til den tronge Porten.

Nei!
Ropa ikkje paa hans Namn!
Gøym deg ikkje i hans Arm!
Aldri skal du der vera trygg;
aldri fær du der Fred;
eg spøkjer for deg;
millom honom og deg
ligg eg som eit vondt Samvit,
som ein Grav-gufs,
som eit kaldt Minne;
aldri skal du faa Ro;
for honom fylgjer eg fraa mi Grav
all Tid,
med pinande Tankar
og med Hugsótt og Vanvit,