Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

meg,» spurde han, «hev Blomen sagt deg noko?»

«Verdi hev Sjæl, segjer Blomen til meg.»

«Det er det han segjer til meg og. Det er eit stort Ord!»

XLIV.

«Ein Sjølvherskar var den gamle Gud, med strenge Krav, for si Skuld. For si Skuld kravde han Lydnad og Ære. Og fekk han ikkje sin Rett, vart han harm, og med Blod laut dei blidka den hemnfuse.

Men Meisteren lærde os ein Gud som krev Lydnad for vaar Skuld. Og syrgjer naar me syndar. For vaar Skuld. Men vender me oss burt fraa Sjølv-øyding og Synd, vert han glad og gløymer alt. Og det spørst ikkje etter Offer og Soningsblod;