Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Ho hadde aldri før vore åleine nokon vinter. Ho Maria og ho hadde halde saman i tjukt og i tynnt, og skift alt det som bardoms- og første ungdomslivet baud på. Jamvel ifjor då ho Maria var i byen, hadde dei levt sitt liv på denne same måten. Kvar bidige damptur kom der brev, stundom to, der ho fekk vite alt det som hende henne i byen. Og så hadde ho sete utetter kveldane og fortalt alt det som hende her heime. Det var alltid så mykje å fortelle om; breva vart jamnast for tunge.

I vinter skulde dei havt det så overlag gildt; — dei skulde knyte fastare det bandet som batt dei i hop. — — — — Og så hadde det blitt den tyngste og verste vinteren ho hadde opplevt. Ho Maria hadde alt i haust teke til å bli så rar av seg. Det vart lenger og lenger millom kvar gongen ho kom på besøk, Og ho var aldri så beint fram og hjartevarm som før. Det var jamt slikt forunderlegt mistenkjeligt glimt i auga hennar.

Frå slutten av januar vart ho Maria helt vekke. Og om ho tok seg ein tur bort til henne, var det mest ikkje svar å få. Ho var klein, og måtte halde seg inne.

Då kom ho i hug det han Johan hadde ymta fram på om hin kvelden på vegen. Det måtte vere så likevel. Det var nok andre og som fekk tak i det. Ryktene tok til å svive. Og han Johan skreiv til henne frå Lofoten og spurde om