Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/95

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

likså høgt hadde tilstått, at det var hans erving. — —

Ho Sofia slog seg på knea og var mest ferdig å dåne. Og der var mange innetter bygda som denne tidenda tok likså sterkt. Dei kunde ikkje tru det.

Det var venteleg ei skrøne av han Ol’ Hansa, dette. Det var elles ikkje første bolten han hadde slege i folk, når det høvde så. Når ho Sofia i Vika kom eins erend og skulde spørre nytt, syntest han vel han kunde mette henne med kva som helst. Men vilde Vikafolket saksøke han, kunde han kome til å bøte for kjeften sin. Og det var han vel verd. — — —

Andre meinte at det kunde ikkje ryke av branden utan der var eld i han. Han Ol’ Hansa hadde vel ikkje funne opp dette. Og tenkte ein seg om, kunde vel nokon kvar minnest at Vikaprinsen utetter somaren og første hausten ifjor jamt hadde halde lag med ho Maria. Og han var nok ikkje så reint uskyldig i så måte heller som mange syntest tru. — — — — —

Kjerringane hadde sjeldan venta i slik spenning på at folk skulde kome frå Lofoten som i år. Og no kund’ det aldri vere så lenge til ein hadde dei. Skulde dei kome seg unna påskehelga, laut det bli snart. Her var no ikkje mange dagane å gjere på. — — —