Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

skomkvite båretoppen, vilde stormen tå sundt alt.

På den måten bar det lenger og lenger inn mot blåfjorden og ville veret.

Det syntest som om høvesen var komen til meir ro. Han seglde finare, og passa godt kvar sjøen, så båten reiv ikkje lenger så mykje inn.

Dei harde andletsdraga hadde slakna ein grand. Han sat og jaga med volen og skautet, og auga søkte ut og innetter det stormande havet.

Det var ikkje godt å vite kva han tenkte på. Han visste det vel snautt sjølv. Han kjende berre at det var ei lise å gå her og baute seg att og fram millom brytande brotskavlar mot å trø bugolvet dagen lang. Der var det Vikaprinsen som var herre. Han visste alltid å få det så til som han vilde ha det. Ein vakker dagen kom han vel til å fortelle det høglydt i bua, det som han no kviskra ut kringom i været, at det var Kristian Moa si skyld, at ho Maria på Bakken feitna så! Og folk syntest tru det; tru det spikarfast. Når Vikaprinsen fortalde det, var det vel ikkje å tvile på. — —

Jau, han spela sine kort godt. Dei var vel sjølvsagt av same meining heim-i fjorden som her.

No trudde vel Vikaprinsen at han skulde gjere endå eit kup: Få heile herredømet over nybåten. Og dermed sette Moglunten i bakhanda.