Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ikkje vann løfte årane! Det vart berre til å ligge i vegen og sjå seg harm og lei på.

Å nei, det fekk greie seg med fire mann. Han trudde slett ikkje båten var så tungrodd som folk meinte.

Når berre han Johan no vilde seie ifrå. To gonger hadde han vore borte i Vika og leita etter han. Men aldri var han heime.

No hadde han forsvare, at han gjekk ikkje dit oftare. Han gjekk ikkje og tagg Vikaprinsen om å vere med. Det heile var vel berre narreskap. Det kunde likne han. — —

Men han Sivert og han Edvart forsikra, at det visseleg var Johan sitt rame alvor, at han vilde bli med. Han venta berre på at høvesen skulde kome og avgjere rolaget, hadde han sagt ein kvelden inn på krambua. Han hadde ikkje høyrt eit ord frå han Kristian Moa sidan hin samtalen i ungdomshuset, så han trong han vel ikkje— eller kann hende han ikkje vilde ha han. — — —

Han Kristian klådde seg i hovudet. Pokker’n visste kva Vikaprinsen tenkte på. Det var mest utenkjeleg at han vilde sitte som kar i hans — Moglunten —, sin båt. Han måtte ha ein baktanke med det. Men kva var det?

Det kunde elles vere det same.

Visst hadde han ikkje større hug til å ha Vikaprinsen i båten. Nokon serleg gild og hyggeleg vinter vart det nok ikkje. Det kjende han på