Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

han ikkje snakka med henne heller på aller så lenge.

Bakke-kallen fortalde, at ho hadde nok blitt med på fjorden, om han berre hadde nemnt eit ord. Ho rodde som ein kar, og var så snop og snedig i båten, at han Ola, sonen, ikkje gjorde henne det etter. — Men du veit kor da e me dessa skjørtan. Å kvinnfolkan e nu ikkje nett skapt tel å sett i båten. Å nå e så kunn få ein slik kamerat så du, så kann e spar henn denna gongen. Kallen prata og lo så hjarteleg, at han Kristian Moa måtte le med.

Dei rodde seg godt ihop, dei to. Han Kristian Moa, som sjølv tala lite, kom til å like betre og betre denne snakkelystne og skjemtesame kallen.

Og han Jens Bakken måtte fortelle kven han møtte om den gjævingen, han Kristian Moa. Det var både kars tak og manns mot i den karen. Saltværingen fekk skyss oppetter fjæra, når Moglunten tok i.

Men dette samværet skulde ikkje vare så lenge. Han Jens var uheldig nok til å skamfare den eine fingeren. Og då han ikkje akta på såret, sette det seg til å svelle, så han vart storlemster.

Der stod han Kristian atter åleine — midt i sputfisket.

Det var vel inga anna råd — han fekk skuve ut gamalfæringen endå ein gong. Men først