Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

målemnet sitt. Dei stod der og vrei og skapte seg, nett som dei hadde vondt, eller ikkje visste kva dei vilde. — — —

— At dei ikkje kunde vere ærlege nok til å seie det, slik som dei meinte det: Vi vågar ikkje livet på ein galen Moglunt!

Han vilde kjent seg frisk og fornøgd med eit slikt svar. No gjekk han og kjende seg klam og klein. Det låg som ei sott i lufta, ei snikande gulsott, som anda han imøte kor han snudde seg. Det såg mesta ut til at heile bygda hadde snakka seg saman — for å stanse han, just no han stod iferd med å nå sitt livsens mål. — — —

Han beit tennene ihop i argsinne og tross. Sette seg så til å høvle på åreemna, så det frøste fliser til alle kantar. Hadde han kjøpt båten, skulde han jammen og til Lofoten, om han så skulde bli nøydd til å segle han åleine utover. Ute i væra var det vel alltid ein eller annan fanten å få tak i når fisketia kom.

Heime skulde båten i allfall ikkje bli ståande. Den gleda skulde han snyte dei for. — — — —

Det kom — serleg den første tid, ein og annan kallen bortaat han og gav seg til å stå der og sikte og sjå og småprate. Han Anders i Vika var ein av desse. Sjøvegen hans låg ju så tett ved, og han Anders måtte seie som sant var, han kunde knapt gå framom ein nybåt utan å sjå litt nøgje på han. Og så kunde det vere