Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men han Per på Neset hadde endå mykje å fortelle kallan’.

Det var ikkje kleine tider, slik som folk jamt sutra; det var berre folket som hadde gløymt å arbeide. Men ingen måtte tru han sette latskapen og likesæla høgt. Han hadde fått lært seg til å henge i frå han var ein neve stor. Men skam hadde han for det. Kjøpmennene åt han snart opp. Han visste ikkje av før bua vart stengt. — — — —

— Å da bli vel ei ti tel då, sa han Anders. Da kjem vel einkvan tel å ryk før han Per.

Handelsmannen likte visst dette.

Han kunde vore ein god mann. Men når ein skulde føde ei heil bygd, sku’ det noko til rygg å bere det. — —

Karane tok til å undre seg på kor Moglunten tenkte å lende. Det vart visst ingen anna råd enn å klemme nybåten på Vikasanden, slik oppgang det var i dag. Der var elles ikkje noko lendan å skryte av i dag der heller. Men var ein så mannsterk at båten kunde bli brynt med det same, måtte det greie seg

— Vi får vel innover å hjelp glunten, sa han Anders og tok i hop trøya. Og dei hine følgde etter.

Det hadde samla seg ein liten folkehop inne på sanden, då åttringen kom sømmande mot land i fullt jag. Han tenkte visst å segle båten tørr med ein gong, Moglunten. Først 20 meter