Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/110

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Ja, svara ho stillt. — Men e kann likså ikkje skjøn detta. Da kom så brått. E trudd ikkj du brydd de størr om me. Ho undrast endå på at han no med ein gong skulde kome til henne, og det så glad og trygg.

Han gissa tankane hennar.

— E mått vel ver gla nå e vesst at da likevel — va me du heldt a.

— Kor kunn du vet da? Ho sat og leika seg med handa hans.

— Ein go engel ha kviskra me da inn i øyra.

— Ha ho Maria sagt nokka? spurde ho brått og vilde slite seg laus. Augnebrunene seig ned og panna la rukker.

Han klemde ho fast til seg.

— Om så va synest e vi skull takk henn. Ho gav seg. Men spurde straks etter: — Ha du snakka med ho Maria? — Nei, men e fekk eit lit brev, hvori stod skrevet, hermnde han, åt da va ikkj Vikaprinsen men den fordømte Moglunten du heldt a. Du va berre så flenk å døll da. —

— Enn du? E trudd da va ho Maria du såg etter. Ho såg skjemtefull oppå han.

Han vart med eitt alvorleg. — E tenkt berre på de, men e syntest da va så umuli. Å så kunn da ha gått gale. Han fortalde om då han heldt på og forgløyme seg på sputfjorden.

Ho kyngde seg nærare inn til han liksom i angst. Ho tenkte på kor nær dei begge to hadde