<poem> der born hev du bori; kjering-gjerd kallar eg slikt.“
- Loke kvad:
24. „Seiding dei sagde paa Samsøy dreiv du, trolla paa volve-vis; i trollkjering-ham yvir heimen du for ; kjering-gjerd kallar eg slikt.“
- Frigg kvad:
25. „Sogune dykkar, det segja eg skal, deim føre dé ingin for øyro, kva de æsir tvo i alders tid fór med; best at gamalt er gløymt.“
- Loke kvad:
„Tegje deg, Frigg! du er Fjørgyns dotter, og du stødt var ei mannkjær møy; Ve og Vile du, Vidres kone, liggje lét i armen.“
- Frigg kvad:
27. „Hadde eg her i Æges-halli ein son som Balder til svars: du inkje kom ut fraa aasa-sønir, utan sverd deg harmen svala.“
- Loke kvad:
28. „Vil du det, Frigg, eg kann fulla tala, meir eg hev av meinsvall; for det raader eg, at aldri du Balder ridande ser til salen.“
- Frøya kvad:
29. „Villt fer du, Loke, som paa viddi ber slike ljote leidur;[1] fulla er Frigg framsynt, eg trur, um faatt ho sjølv segjer.“
- Loke kvad:
30. „Teg du, Frøya! trygt eg segjer det vantar ’kje deg veilur; kvar aas og kvar alv, som inne her er, sin hugnad hev havt hjaa deg.“
- Frøya kvad:
31. „Falsk er di tunge, eg tenkjer ho inkje alltid vil gala deg godt; arge er deg æsir, og aasynjur med,
harm vil du heim fara.“
- ↑ Leidur, leide ting.