<poem>
- Odin kvad:
26. „Seg for det fjorde, so sant du er frod, og vit du hev, Vavtrudne: kvar vinter kom fraa og varm sumar fyrst til frode gudar?“
- Vavtrudne kvad:
27.[1] „Vindsval heiter Vinter sin far, men Svaasuder er Sumars far. (Vindsvals far var Vaasud kalla, atall[2] er heile den ætt.)“
- Odin kvad:
28. „Seg for det femte, so sant du er frod, og vit du hev, Vavtrudne: kva for ein jøtun av Yme-lyden vart fyrst i upphav fødd?“
- Vavtrudne kvad:
29. „Ovmange vintrar fyrr jord vart skapt, daa var Bergjelme borin, Trudgjelme heitte far aat honom, alin av Aurgjelme.“
- Odin kvad:
30. „Seg for det sétte, so sant du er gløgg, og vit du hev, Vavtrudne: kvar Aurgjelme fraa til Jøtunheim kom fyrst, du frode jøtun?“
- Vavtrudne kvad:
31. „Or Elivaagom stokk eiterdropar og voks til det jøtun vart; vaare ættir alle sitt upphav hev der, di er slage altfor atalt.“
- Odin kvad:
32. „Seg for det sjaunde, so sant du er gløgg, og vit du hev, Vavtrudne: korleis horn han fekk, den balde jøtun, daa der var inkje gygrar til gifte?“
- Vavtrudne kvad:
33. „Under armen paa rimtussen det olst, er det sagt, møy og mann saman, fot med fot, til den fræge jøtun avla ein sekshovda son.“
- Odin kvad:
34. „Seg for det aattande, so sant du er frod,
og vit du hev, Vavtrudne: