Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/146

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Tru inkje gjentune ; hjarto deira er inkje gode, tunga full av svik, stødt er dei reide til heilagbrot“ (Sml. Haav. 84).


Mange likskapar er det millom Haavamaal og den græske diktaren Hesiod si bok „Verk og dagar“.

Hesiod talar til Perses: „Eg segjer eit ord aat deg, veltenkt og godt, men du det gøyme vel i din hug" (106—7). „Lukke og sæle fylgjer den mann som allting hev lært (826, tridje siste verse i kvæde). Sml. Haav. 111, 165. Ein skal arbeide, so ein slepp aa gange paa grannane etter noko, og faa seg hus og kone, og uksar til plogen, og gjera si ambod sjølv, so ein slepp beda andre um hjelp (398—408). Sml. Haav. 36—37 og (126). Stor bate fær den som gjæter tunga si. — Eit meinord sagt kann valde at du sjølv snart fær høyre ymist ilt (719, 721). Sml. Haav. 29. Agte dei rette grensur; maatehald er alltid best (694). Sml. Haav. 113. Pengane er sjæli hjaa dei vesalle menneski (685). Sml. Haav. 75, 78, 79.

Ver gridug um morgonen. Morgonstundi sparer tridjeparten av arbeide (577—78). Sml. Haav. 59. Du skal elske venen din. Men kjem nokon imot deg med uvenskap, skal du møte honom med ilt. Gjev nokon eitkvart aat deg, skal du gjeva att. Men fær du inkje noko, skal du heller inkje gjeva (153-54). Sml. Haav. 42, 127, 145. Lat inkje noko kvende ville hugen din. Han som lit paa eit kvende, gjev si tru aat ein røvar (373, 375). Lygn og smeikjetale og løyndhug vart skapt Pandora i bringa eller i hjarta (67, 77, 78). Sml. Haav. 84, 90.

Hesiod nyttar mange gamle ordtak, sameleis som Haavamal. Hev den norske skalden fengi tanken um Haavamal av det græske kvæde?