Tor var paa ferd fraa austerveg og kom til eit sund; paa andre sida av sunde var ferjumannen med skipe.[1]
<poem>
- Tor ropa:
1. „Kva er det for ein svein-selle; som stend for sunde dera?“
- Ferjumannen svara:
2. „Kva er det for ein kar-kall, som kallar yvir vaagen?“
- Tor kvad:
3. „Før meg yvir sunde, so fær du ein aabit; meis hev eg paa rygg, det finst ’kje maten betre. Fyrr eg fraa garde fór fekk eg meg mat, havrebraud og sild, eg hungrar inkje endaa.“
- Ferjumannen kvad:
4. „Du stor-éting reknar for storverk, men sjaa vel fyri deg, dauvlegt er heime hjaa deg, daud ligg mor di, trur eg.“
- Tor kvad:
5. „Slikt du no segjer som synest kvar mann dauvlegt aa høyre, at daud ligg ho mor.“
- Ferjumannen kvad:
6. „Inkje ser du ut som du aatte tri gardar; berrbeint du stend, du hev bragd[2] som ein strjukar,
d’ er snaudt at du broki di eig.“