Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
PA FERDI

Gud Fader han styrer nok ferdi
åt borni som fylgjer hans steg.
Han slepper dei aldri i verdi,
so lenge dei timjar hans veg.

Han førar på ukjende stiar
han lyser og støar vår gang,
tross sorger og kamp, fram til siger
og glæde, um dagen vert lang.

Takk, Gud at mi sjæl seg fekk lauga
i kjærleiken din pa min veg!
Lat so for mitt døyande auga
det lysa ei stråla frå deg!

28