Prøver af Landsmaalet i Norge/41. Um Storlæte

Fra Wikikilden
40. Um Dikting Prøver af Landsmaalet i Norge
41. Um Storlæte
av Ivar Aasen
42. Døming um Forfederne


UM STORLÆTE


Da er ein Ting, som fylgjer med dei ymise Tilstandi i Verdi, at dar alltid maa vera myken Skilnad paa Folk, at sume maa vera megtugare en sume, og at dan eine kann hava mangein god Givnad framfyre dan andre. Men naar ein ser væl etter alt, so merkar ein og, at dar er myket som er likt med alle, at dar er ymise Veilor og Vanskar, som endaa likaste Folket inkje er fritt fyre, og at da kanskje vert rettelege litet, som dan eine heve til aa gera seg stor av framfyre hine. Fyre da fyrste er dar mange Fyremuner, som Mannen er liksom fødd med; han heve inkje lagt dei upp med sitt eiget Stræv, men han heve fenget dei liksom sovande elder berre til Givende; og givna Gaavor skal ein takka Givaren fyre og inkje seg sjølv. Og darnæst skal ein hugsa, at desse Fyremunerne er likso snart farande som komande; dei kann vera lette te tapa og tunge te halda, og difyre kann ein inkje rettelege stola seg paa dei. Til aa vera stolt og storlaaten av slike Fyremuner er difyre jamnaste berre ein Uvitingskap, og da vantar helder inkje Døme paa, at agtande Folk er smaalaatne og umgjengelege, medan faadugelege Folk er so byrge og bratte, at ein kann kvida mot aa møta dei paa Vegen.

Storlætet heve manga Orsakjer, og dei er ikje alla so myket mæta helder. Sume er storvyrdne av Likams Magt og Styrke, og sume av ein fager Skapnad og eit fint Andlit. Men da er mange, som hava havt dei Fyremunerne og endaa havt liten Baten av dei. Styrke er godt aa hava; men endaa sterkaste Folki kann verta utslitne og underbøygde av ymise Misfelle, og da heve ofto hendt, at ein veik og vanavlug Bul heve gjort større Ting og stadet seg betre i Lengdi. Fagerskapen elder Venleiken er og ein god Ting; men han er jamnaste kverven og kortvarug; han er like eins som Blomen paa Marki, fyre han glimar og bragar, so lengje som inkje røyner paa; men so snart som da kem eit Uvedr paa, so fell og folnar han Vonom snarare; og um han endaa slepp av fyre Uvedret, so heve han daa alltid ei kort Stund til aa standa i. – Ei onnor Rot til Storvyrdna er Standet, sidan dar er ei gamall Tru um, at sume Standi skal vera høge, og sume skal vera laage. Men da er betre, at Mannen pryder Standet, en at Standet skal pryda Mannen. Da er gode og dugelege Folk te finna i dei fleste Standi, og da finst ogso laake og faadugelege Folk i dei fleste. Og so hender da ogso jamt, at smaae Folk kann vera so heppne, at dei koma i eit betre Stand, og at store Folk kann vera so uheppne, at dei koma i eit verre Stand. – So er da og med Rikdomen, som mange Folk hava so ovlege store Tankar um. Han er sein til aa sanka, og snar til aa missa; dan som var rik i Fjor, er fatig i Aar, og eit annat Aar er da væl ogso einkvar, som heve mist Magti si og lotet sjaa paa, at smærre Folk hava stiget uppatter i Staden hans. – So paa Lag er da og med ei stor Æra og eit stort Ord; dar sjaa me ofto Døme paa, at Mannen kann missa da like fort, som han fær da. Naar han kann fara fint fram og vera alle Manns Vin, so kann da væl vara ei Stund frametter; men skulde han koma til aa gera eit litet Miskast elder nøydast til aa slaa paa ein Streng, som Folk inkje likar, so er da Ende paa den Skripno, og daa kann da henda, at han fær Skam til Takk fyre alt ihop. – Nokot dilikt er da og med eit stort Vit elder ein stor Kunst og Lærdom: da er helder inkje nokot te gera seg til av. Vitet er ei Gaava, som Mannen inkje heve givet seg sjølv; og mest like eins er da med Lærdomen og, fyre han kem oftaste av eit godt Næme og godt Tilhald i Yngdi, elder i da minste av ei god Raad og Tilleiding til aa læra. Og darnæst kann ein sjaa, at Vit og Lærdom er helder inkje alltid paalitande; fyre dar er mange Ting i Verdi, som er so blinde og løynde fyre Manns Augat, at dan lærde stend like fast som dan ulærde; og dar er so mange Tilfelle, daa ei ring og vandelaus Raad kann gera betre Gagn, en ei som er sløg og djuptenkt. Og helder inkje vantar da Døme paa, at ogso klokaste Folket kann ganga ein galen Veg, og at ein heimalen Styving kann stella seg betre en dan, som klokare skulde vera.

Alle slike Fyremuner kann ein gerne slaa saman og kalla dei berre ei god Lukka. Vistnog er da sume av dei, som Mannen kann auka og fremda med si eigi Verksemd, men alltid er da daa so, at han treng Lukka til Verksemdi si og, um ho skal vera til nokor Hjelp. Da er mange, som hava stridt og strævat fyre da, at dei skulde koma eit Stykke fram i Verdi; men da vilde inkje lukkast fyre dei, da var faafengt og gagnlaust alt kva dei strævade. Og likevæl kann ein inkje segja, at dei var mindre verde te hava Lukka en so mange andre. Da er vandt aa vita, kven som verdugast er, og da kann væl vera einkvar, som tenkjer, at naar alt skulde ganga etter Verdleiken, so vilde mangein liten Mann vera stor, og mangein stor vera liten. Men naar Verdleiken er so vand aa døma, so skulde dan, som heve Lukko med seg, vera nokot varsam og vægjesam i sitt Umgjenge med dei, som hava havt mindre Lukka. Han skulde koma i Hug, at andre Folk kunde vera like so gode som han, naar Lagnaden elder Umstødorna hadde voret like gode fyre dei som fyre honom. Han skulde ogso minnast, at dar endaa er visse Tilfelle, som bita like hardt paa dei store som paa dei smaae, at dar er visse Tilstand, daa alle maa luta og bøygja seg, og daa korkje Magt elder Æra kann hjelpa. Og allerhelst skulde han vara seg fyre aa bruka Magti si til Ugagn, liksom til aa skræma Smaafolket med og hogga mest paa dei, som minst kann verja seg. Dei kann hava Mein og Møda nog, um dei inkje skal hava Hat og Hæding av dan, som dei helder skulde venta Hjelp og Stydnad av. Dan som heve so stort eit Mod, han kann alltid finna eitkvart, som toler aa taka imot, so han treng aldri um aa øyda da paa nokot Smaaflygje; dar kann alltid vera eit Verk elder ein Freistnad te gera, som krev baade Mod og Magt; og dar er da høvelegaste te prøva, kor langt da vil rekka.