Thomas Campanella

Fra Wikikilden

er fød paa Kalabra 1568. 14 aar gamal vart han dominikanarmunk. Han va arbeishuga, gla i vitenskapen aa opglødd for det goe. Forvaaga aa sjølstyren som han va, tok han paa filosofien som han vilde endevende fraa øvst til nest. I sit arbei aa sine skrifter fylgde han alti den regelen han sjøl sette op: sanninga maa søkjas, ikkje i skulebøker, men ved aa agte paa naturen.

Campanella underviste fyrst i filosofi i Neapel; men snart laut han ryme fraa byen, daa dei nye synsmaatane hans vekte opstyr. I 10 aar reiste han omkring i Italia aa figta mot Aristoteles ingrodde autoritet, aa ba folk varmt om aa fylje sit sunne vit aa si røynsle, aa prøve omforme alle vitenskapa etter naturen aa guds bøker. Han ga seg aldri. Det er vist eit av dei mest staalsette menneskje som noko ti hev livt. I Florents vitja han Galilei, som han skreiv ein glimrande forsvarstale til. Med nebb aa klo forsvara han Kopernikus, preikte hat mot tyranane kvar han kom, aa drøymde om aa frie fedrelande sit ut av det spanske aak.

Det lei vondt Italia den tia det sto under Spanien. Aa Campanella som va likeso go patriot som han va frisynt i aandens rike, han brann etter aa faa rydje spaniolane utav lande. I løyndom skipa han revolusjonære klubba runt heile Italia for aa fyrebu den folkereising som han trudde skulde kome. Men prestane aa dei spanske embætsfolke va etter han kvar han for, sette han fast aa for ille med han. Men alti kom han seg laus; han rymde fraa det eine fengsle etter det andre; han for som »ei vond aand«, som det er sagt.

Endeleg vart han fakka for got aa førd for domstolen. Som »politisk brotsmann«, »folkeopviglar«, »kjettar i teologi aa filosofi« vart han dømd til aa sitje 27 aar lenkjebunden i fengsel. Men det va kje nok. I 35 tima maatte han halde ut slik umenneskjeleg tortur, at alle ædrer kring seten vart sprengde, so bloe som rann ut av saara med nau kunne stansas. Men ikkje eit klagande or kom fraa han. Han heldt torturen ut paa ein maate som va ein filosof verdig, skriv ein av dei som saag paa.

»I 50 fengsel hev eg vore, aa 7 gonger hev eg maatt’ halde ut den fælaste tortur. Siste gongen varde torturen i 40 tima. Dei bat meg so hart med tog, at det skar in i kjøte ratt aat beine. Dei hengde meg op med hendene bunde paa ryggen omskrevs ein kvass trenagle, so eg miste ¹/₁₆ av kjøte mit aa 10 pund blo. Aa daa eg som ved eit under vart frisk att etter denne medfart, stak dei meg ne i ei grøft. 15 gonger hev eg vore for retten. Daa dei fyrste gongen spurde meg, kor eg kunne vite det eg aldri hadde lært, dersom ikkje ei vond aand va i meg, svara eg: »For aa lære det eg kan, hev eg brukt meir olje enn de hev drokke vin«. Ein annan gong skulda dei meg for aa ha skreve ei bok som va trykt 30 aar før eg va fød. Dei hev skulda meg for aa halde med Democritus, — eg som hev skreve bøker mot Democritus. Dei hev skulda meg for hat mot kristi kyrkje, — eg som hev skreve eit verk om det kristelege monarki aa deri synt, at ingen filosof hev kunna tenkt seg betre republik enn den som apostlane skipa i Rom. Dei hev skulda meg for kjetteri, — eg som hev gjort ein dialog mot kjettarskapen i vaar ti. Endeleg hev dei skulda meg for tross aa kjettarskap fordi eg tvertimot Aristoteles, som trudde at verda va æveleg aa uforanderleg, hev sagt, at der er flekkjer paa sola, maanen aa stjernene … Det er derfor dei hev kasta meg som Jeramias i pølen, der det korkje er luft eller ljos«, skriv han (i fortalen til »Atheismus thriumphatus«, Romæ 1630).

Sistpaa tok folk til aa harmas over dette lange forferdelege fangenskape hans. Sjøl paven totte det gjek for vidt, aa ba det spanske hof om naade. Men Philip III let seg ikkje røre. Fyrst daa han døe, vart Campanella slept paa fri fot.[1]

Men den gamle filosofen va endaa ikkje knekt. Han tok strien opatt, like heilhuga som i sine ungdoms dage. Motstandarane hans vart endaa meir rasande no enn før, aa hissa folke op mot han. Campanella laut ta flugta for ikkje aa verte tynt av folkesvermen.

Med gosmanns hjelp kom han seg til Frankrike aa naadde til Paris, der Richelieu tok væl mot han aa stelte han fram for kongen, som vart rørd over gamlingen aa ga han ein aarleg pensjon paa 3000 livres.

Fraa no av levde han i ro, aa kjende seg baade rik aa sæl daa han i sine siste aar kom saman med Descartes. 71 aar gamal slokna han denne gløande ubøyelege strismannen mot al trældom over aand aa folk.


  1. I 1492 hadde inkvisisjonen i Spanien med trugsmaal om døsstraf, jaga or lande over tvo hundra tusen jøda. Fraa 1480 til 1498 vart otte tusen otte hundra menneskje brende levande. Aa nitti tusen vart dømde til livsvarigt fengsel aa alt deira gods fraadei-røva.