Ivar Aasen (Sivle)

Fra Wikikilden
En Fyrstikke, Utgitt av Nationaltrykkeriet, Det norske aktieforlag (s. 10).
Ivar Aasen.
(Daa han døydde.)

Det er den kjende Tingen,
at Kjøtet det er Høy;
so raust ein Mann var ingen,
at inkje han laut døy.
 Men det, i And du saadde,
 det liver i ditt Land.
 —Fyr Hamen Dauden raadde
 men inkje fyr di And.